Logo
🔍

Første Krønikebok 1 N11NN

Ætta til Adam

1. Adam, Set, Enosj;

2. Kenan, Mahalalel, Jared;

3. Henok, Metusjalah, Lamek;

4. Noah, Sem, Ham og Jafet.

5. Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras.

6. Sønene til Gomer var Asjkenas, Difat og Togarma.

7. Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim.

8. Sønene til Ham var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.

9. Sønene til Kusj var Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.

10. Kusj vart òg far til Nimrod. Han var den første som vart mektig på jorda.

11. Misrajim vart stamfar til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane,

12. patrusarane og kasluharane, dei som filistrane har kome frå, og kaftorarane.

13. Kanaan vart far til Sidon – han var den førstefødde – og til Het,

14. og til jebusittane, amorittane, girgasjittane,

15. hevittane, arkittane, sinittane,

16. arvadittane, semarittane og hamatittane.

17. Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud, Aram, Us, Hul, Geter og Mesjek.

18. Arpaksjad vart far til Sjelah, og Sjelah vart far til Eber.

19. Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg, for i hans dagar vart jorda delt opp. Bror hans heitte Joktan.

20. Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerah,

21. Hadoram, Usal, Dikla,

22. Ebal, Abimael, Saba,

23. Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.

24. Sem, Arpaksjad, Sjelah,

25. Eber, Peleg, Re'u,

26. Serug, Nahor, Tarah

Ætta til Abraham

27. og Abram, det er Abraham.

28. Sønene til Abraham var Isak og Ismael.

29. Dette er slektshistoria deira: Nebajot var den førstefødde sonen til Ismael. Han hadde òg sønene Kedar, Adbeel, Mibsam,

30. Misjma, Duma, Massa, Hadad, Tema,

31. Jetur, Nafisj og Kedma. Dette var etterkomarane av Ismael.

32. Ketura, følgjekona til Abraham, fødde Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. Sønene til Joksjan var Saba og Dedan.

33. Og sønene til Midjan var Efa, Efer, Henok, Abida og Eldaa. Alle desse var etterkomarar av Ketura.

34. Abraham fekk sonen Isak. Sønene til Isak var Esau og Israel.

35. Sønene til Esau var Elifas, Re'uel, Je'usj, Jalam og Korah.

36. Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefi, Gatam, Kenas, Timna og Amalek.

37. Sønene til Re'uel var Nahat, Serah, Sjamma og Missa.

38. Sønene til Se'ir var Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, Disjon, Eser og Disjan.

39. Sønene til Lotan var Hori og Homam, og Lotan hadde ei syster som heitte Timna.

40. Sønene til Sjobal var Aljan, Manahat, Ebal, Sjefi og Onam. Sønene til Sibon var Ajja og Ana.

41. Son til Ana var Disjon, og sønene til Disjon var Hamran, Esjban, Jitran og Keran.

Kongar og hovdingar i Edom

42. Sønene til Eser var Bilhan, Saavan og Jaakan. Sønene til Disjan var Us og Aran.

43. Dette er dei kongane som rådde i landet Edom før det var nokon konge som rådde over israelittane: Bela, son til Beor; byen hans heitte Dinhaba.

44. Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han.

45. Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman-landet konge etter han.

46. Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på slettelandet i Moab. Byen hans heitte Avit.

47. Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han.

48. Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot attmed Eufrat konge etter han.

49. Då Saul døydde, vart Baal-Hanan, son til Akbor, konge etter han.

50. Då Baal-Hanan døydde, vart Hadad konge etter han. Byen hans heitte Pa'i, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab.

51. Då Hadad var død, rådde desse stammehovdingane i Edom: hovdingane i Timna, Alja, Jetet,

52. Oholibama, Ela, Pinon,

53. Kenas, Teman, Mibsar,

54. Magdiel og Iram. Dette var stammehovdingane i Edom.

»