Logo
🔍

Første Krønikebok 1 N78NN

Adams-ætta

1. Adam, Set, Enosj;

2. Kenan, Mahalalel, Jared;

3. Enok, Metusjalah, Lamek;

4. Noah, Sem, Kam og Jafet.

5. Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras.

6. Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma.

7. Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim.

8. Sønene til Kam var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.

9. Sønene til Kusj var Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.

10. Kusj hadde òg ein son som heitte Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jorda.

11. Misrajim vart ættefar til ludarane, anamarane, lehabarane, naftukarane,

12. patrusarane og kaslukarane, dei som filistarane har kome frå, og kaftorarane.

13. Kanaan vart far til Sidon – det var den eldste sonen hans – og til Het.

14. Frå han er jebusittane òg ætta, og amorittane, girgasjittane,

15. hevittane, arkittane, sinittane,

16. arvadittane, semarittane og hamatittane.

17. Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud, Aram, Us, Hul, Geter og Masj.

18. Arpaksjad fekk sonen Sjelah, og Sjelah fekk sonen Eber.

19. Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart menneska spreidde ut over jorda. Og bror hans heitte Joktan.

20. Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerak,

21. Hadoram, Usal, Dikla,

22. Ebal, Abimael, Saba,

23. Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.

24. Etterkomarane etter Sem var Arpaksjad, Sjelah,

25. Eber, Peleg, Re’u,

26. Serug, Nakor, Tarah

Abrahams-ætta

27. og Abram, det er Abraham.

28. Sønene til Abraham var Isak og Ismael.

29. Dette er ættetavla deira: Nebajot var eldste son til Ismael. Han hadde òg sønene Kedar, Adbe’el, Mibsam,

30. Misjma, Duma, Massa, Hadad, Tema,

31. Jetur, Nafisj og Kedma. Dette var etterkomarane etter Ismael.

32. Ketura, fylgjekona til Abraham, fekk sønene Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. Sønene til Joksjan var Saba og Dedan.

33. Og sønene til Midjan var Efa, Efer, Hanok, Abida og Elda’a. Alle desse var ætta frå Ketura.

34. Abraham fekk sonen Isak. Sønene til Isak var Esau og Israel.

35. Sønene til Esau var Elifas, Re’uel, Je’usj, Jalam og Korah.

36. Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefi, Gatam, Kenas, Timna og Amalek.

37. Sønene til Re’uel var Nahat, Serah, Sjamma og Missa.

38. Sønene til Se’ir var Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, Disjon, Eser og Disjan.

39. Sønene til Lotan var Hori og Homam; og Lotan hadde ei syster som heitte Timna.

40. Sønene til Sjobal var Aljan, Manahat, Ebal, Sjefi og Onam. Sønene til Sibon var Ajja og Ana.

41. Son til Ana var Disjon, og sønene til Disjon var Hamran, Esjban, Jitran og Keran.

Kongar og hovdingar i Edom

42. Sønene til Eser var Bilhan, Sa’avan og Ja’akan. Sønene til Disjan var Us og Aran.

43. Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge i Israel: Bela, son til Beor; byen hans heitte Dinhaba.

44. Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han.

45. Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han.

46. Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på Moab-marka. Byen hans heitte Avit.

47. Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han.

48. Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot attmed Eufrat konge etter han.

49. Då Saul døydde, vart Ba’al-Hanan, son til Akbor, konge etter han.

50. Då Ba’al-Hanan døydde, vart Hadad konge etter han. Byen hans heitte Pa’u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred Mesahabsdotter.

51. Då Hadad var død, rådde desse ættehovdingane i Edom: hovdingane i Timna, Alja, Jetet,

52. Oholibama, Ela, Pinon,

53. Kenas, Teman, Mibsar,

54. Magdiel og Iram. Det var ættehovdingane i Edom.

»