Første Krønikebok 11 N78NN
1. Heile Israel kom saman hjå David i Hebron og sa: «Du veit vi er same folket, vi og du.
2. Alt for lenge sidan, då Saul var konge, var det du som førte Israel både ut i striden og heim att. Herren din Gud har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»
3. Så kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. David gjorde ei pakt med dei der for Herrens åsyn. Og dei salva han til konge over Israel, som Herren hadde sagt gjennom Samuel.
4. No drog David og heile Israel til Jerusalem – det er det same som Jebus. Der budde jebusittane.
5. Då sa folket i Jebus til David: «Her kjem du aldri inn!» Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen.
6. Den gongen sa David: «Den som fyrst feller ein jebusitt, skal vera hovding og førar.» Joab, son til Seruja, kom fyrst opp, og han vart hovding.
7. David slo seg ned i borga; difor kalla dei henne Davids-byen.
8. Han bygde byen rundt ikring, frå Millo og utover. Og Joab bygde opp att resten av byen.
Davids krigarar9. Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han.
10. Dette er dei fremste av krigarane til David. Saman med heile Israel gav dei kongedømet hans sterk støtte, så dei fekk gjort han til konge etter Herrens ord om Israel.
11. Vi skal no rekna opp krigarane til David: Fyrst var det Jasjobam av Hakmon-ætta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over tre hundre falne på ein gong.
12. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Akoak. Han var ei av dei tre kjempene.
13. Han var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid. Det var ein tett byggåker der, og då folket rømde for filistarane,
14. gjekk Elasar midt ut i åkeren og verna han. Han hogg ned filistarar, og Herren lét han vinna ein stor siger.
15. Ein gong fór tre av dei tretti hovdingane ned over berget til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen.
16. David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem.
17. Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!»
18. Dei tre kjempene braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han rende det ut for Herrens åsyn
19. og sa: «Gud fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet åt desse mennene som våga livet sitt?» For dei våga livet då dei henta vatn. Og han ville ikkje drikka. – Dette gjorde dei tre kjempene.
20. Så var det Absjai, bror til Joab; han var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.
21. Han var høgt vørd mellom dei tretti og vart hovdingen deira. Men han kom ikkje opp mot dei tre.
22. Benaja Jojadason frå Kabse’el var ein mektig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to kjempene frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brunn og drap ei løve.
23. Like eins felte han ein kjempestor egyptar, som var fem alner høg. I handa hadde egyptaren eit spyd, så tjukt som ein vevbom. Men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut or handa hans og drap han med hans eige spyd.
24. Dette gjorde Benaja Jojadason, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigarane.
25. Han var høgt vørd mellom dei tretti; men han kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.
26. Dei djervaste krigarane var: Asael, bror til Joab; Elkanan, son til Dodo, frå Betlehem;
27. Sjammot frå Harod; Heles frå Pelet;
28. Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa; Abieser frå Anatot;
29. Sibbekai frå Husja; Ilai frå Akoak;
30. Mahrai frå Netofa; Heled, son til Ba’ana, frå Netofa;
31. Itai, son til Ribai, frå Gibea i Benjamin; Benaja frå Piraton;
32. Hurai frå Ga’asjdalane; Abiel frå Bet-Araba;
33. Asmavet frå Bakurim; Eljakba frå Sja’albon;
34. Hasjem-sønene frå Gison; Jonatan, son til Sjage, frå Harar;
35. Akiam, son til Sjarar, frå Harar; Elifal, son til Ur;
36. Hefer frå Mekera; Akia frå Pelet;
37. Hesro frå Karmel; Na’arai, son til Esbai;
38. Joel, bror til Natan; Mibhar, son til Hagri;
39. Selek frå Ammon; Nakrai frå Be’erot, våpensveinen til Joab, son til Seruja;
40. Ira frå Jattir; Gareb frå Jattir;
41. hetitten Uria; Sabad, son til Aklai;
42. Adina, son til Sjisa, frå Ruben, hovding over Rubens-sønene, og tretti mann med han;
43. Hanan, son til Ma’aka; Josjafat frå Mitne;
44. Ussia frå Asjtera; Sjama og Je’iel, sønene til Hotam, frå Aroer;
45. Jediael, son til Sjimri, og Joka, bror hans, frå Tis;
46. Eliel frå Mahanajim, Jeribai og Josjavja, sønene til Elna’am, og Jitma frå Moab;
47. Eliel, Obed og Ja’asiel frå Soba.