Første Krønikebok 13 N78NN
1. David samrådde seg med førarane, både dei over tusen og dei over hundre mann, med alle hovdingane.
2. Så sa han til alle israelittane som var samla: «Om de så synest, og kjem det frå Herren vår Gud, så lat oss senda bod til dei av brørne våre som er att rundt i heile Israel, og samstundes til prestane og til levittane i byane deira med beitemarker ikring, og be dei koma saman hjå oss.
3. Så skal vi flytta vår Guds paktkiste hit. For i Sauls dagar spurde vi aldri etter den.»
4. Då svara heile folket som var samla, at så skulle gjerast; for alle tykte det var rett.
5. Så samla David heile Israel frå Sjikor i Egypt til Lebo-Hamat; dei skulle henta Guds paktkiste opp frå Kirjat-Jearim.
6. Og David og alle israelittane fór opp til Ba’ala, til Kirjat-Jearim, som ligg i Juda. Der ville dei henta paktkista åt Herren Gud, han som tronar over kjerubane, og som kista har namn etter.
7. Dei sette Guds kiste på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus. Det var Ussa og Akjo som køyrde vogna.
8. David og heile Israel dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, cymblar og trompetar.
9. Men då dei kom til treskjevollen åt Kidon, rette Ussa ut handa og tok tak i paktkista, fordi oksane var ustyrlege.
10. Då vart Herren brennande harm på Ussa og slo han fordi han hadde rett ut handa mot paktkista, og han døydde der for Guds åsyn.
11. David vart oppøst fordi Herren hadde slege ned Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.
12. Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste hit til meg?»
13. Så tok han ikkje paktkista med seg til Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat.
14. Der vart ho ståande i tre månader. Og Herren velsigna huslyden åt Obed-Edom og alt det som høyrde han til.