Logo
🔍

Første Krønikebok 2 N11NN

« Ætta til Juda

1. Dette er sønene til Israel: Ruben, Simon, Levi, Juda, Jissakar, Sebulon,

2. Dan, Josef, Benjamin, Naftali, Gad og Asjer.

3. Sønene til Juda var Er, Onan og Sjela. Desse tre fekk han med Batsjua, ei kanaaneisk kvinne. Er, den førstefødde sonen til Juda, gjorde det som vondt var i Herrens auge, og han laga det så at han døydde.

4. Med Tamar, svigerdotter si, fekk Juda sønene Peres og Serah; i alt hadde han då fem søner.

5. Sønene til Peres var Hesron og Hamul.

6. Og sønene til Serah var Simri, Etan, Heman, Kalkol og Dara, i alt fem.

7. Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førte Israel i ulukke då han var trulaus og tok for seg av det som var bannlyst.

8. Etan hadde sonen Asarja.

9. Dei sønene som Hesron fekk, var Jerahmeel, Ram og Kelubai.

10. Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahsjon, som var leiar for Juda-sønene.

11. Nahsjon fekk sonen Salma, og Salma fekk sonen Boas.

12. Boas fekk sonen Obed, og Obed fekk sonen Isai.

13. Isai fekk søner. Den førstefødde var Eliab, den andre var Abinadab, den tredje Sjima,

14. den fjerde Netanel, den femte Raddai,

15. den sjette Osem, og den sjuande var David.

16. Systrene deira var Seruja og Abigajil. Seruja hadde tre søner, Absjai, Joab og Asael.

17. Abigajil fødde Amasa. Far hans var ismaelitten Jeter.

18. Kaleb, son til Hesron, fekk søner med Asuba, kona si, og med Jeriot. Desse sønene var Jesjer, Sjobab og Ardon.

19. Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kone; ho fødde sonen Hur til han.

20. Hur fekk sonen Uri, og Uri fekk sonen Besalel.

21. Sidan gjekk Hesron inn til ei dotter til Makir, far til Gilead. Han var seksti år gammal då han tok henne til kone, og ho fødde Segub til han.

22. Segub fekk sonen Ja'ir, som hadde tjuetre byar i Gilead-landet.

23. Men Gesjur og Aram tok frå dei teltbyane til Ja'ir og Kenat med småbyane ikring, i alt seksti byar. Alle desse var etterkomarar av Makir, far til Gilead.

24. Etter at Hesron var død i Kaleb-Efrata, fødde Abia, kona til Hesron, Asjhur. Han vart far til Tekoa.

25. Jerahmeel, eldste son til Hesron, hadde sønene Ram, den førstefødde, og Buna, Oren, Osem og Ahia.

26. Men Jerahmeel hadde òg ei anna kone, som heitte Atara. Ho vart mor til Onam.

27. Ram, den førstefødde sonen til Jerahmeel, hadde sønene Maas, Jamin og Eker.

28. Sønene til Onam var Sjammai og Jada, og sønene til Sjammai var Nadab og Abisjur.

29. Kona til Abisjur heitte Abihajil, og ho fødde Ahban og Molid til han.

30. Sønene til Nadab var Seled og Appajim. Seled døydde barnlaus.

31. Appajim fekk sonen Jisji, Jisji fekk sonen Sjesjan, og Sjesjan fekk sonen Ahlai.

32. Sønene til Jada, bror til Sjammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus.

33. Men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var etterkomarane av Jerahmeel.

34. Sjesjan hadde ingen søner, berre døtrer. Men han hadde ein egyptisk slave som heitte Jarha.

35. Sjesjan gav dotter si til kone for Jarha, og ho fødde Attai til han.

36. Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk Sabad.

37. Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk sonen Obed.

38. Obed fekk sonen Jehu, og Jehu fekk sonen Asarja.

39. Asarja fekk sonen Heles, og Heles fekk sonen Elasa.

40. Elasa fekk sonen Sismai, og Sismai fekk sonen Sjallum.

41. Sjallum fekk sonen Jekamja, og Jekamja fekk sonen Elisjama.

42. Kaleb, bror til Jerahmeel, fekk først sonen Mesja, far til Sif, og sidan sonen Maresja, far til Hebron.

43. Sønene til Hebron var Korah, Tappuah, Rekem og Sjema.

44. Sjema fekk sonen Raham, som vart far til Jorkeam, og Rekem fekk sonen Sjammai.

45. Son til Sjammai var Maon, og Maon vart far til Bet-Sur.

46. Efa, følgjekona til Kaleb, fødde Haran, Mosa og Gases, og Haran fekk sonen Gases.

47. Sønene til Jodai var Regem, Jotam, Gesjan, Pelet, Efa og Sjaaf.

48. Maaka, følgjekona til Kaleb, fekk sønene Sjeber og Tirhana.

49. Ho fekk òg sonen Sjaaf, som vart far til Madmanna, og Sjeva, som vart far til Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter òg; ho heitte Aksa.

50. Dette var etterkomarane av Kaleb. Hur, den førstefødde til Efrat, fekk sønene Sjobal, far til Kirjat-Jearim,

51. Salma, far til Betlehem, og Haref, far til Betgader.

52. Sjobal, far til Kirjat-Jearim, fekk sonen Haroe og vart far til halve Manahat-slekta.

53. Kirjat-Jearim-slektene var Jeter-sønene, Put-sønene, Sjuma-sønene og Misjra-sønene. Folket i Sora og Esjtaol kjem frå dei.

54. Etterkomarane av Salma var Betlehem, Netofa-slekta, Atrot-Bet-Joab, den andre halvparten av Manahat-slekta og Sora-slekta.

55. Slektene av skriftlærde som budde i Jabes, var Tira-sønene, Sjima-sønene og Suka-sønene. Dette er kinittane som kom frå Hammat, stamfar til Rekabs hus.

»