Logo
🔍

Første Krønikebok 2 N78NN

« Juda-ætta

1. Dette er sønene til Israel: Ruben, Simeon, Levi, Juda, Jissakar, Sebulon,

2. Dan, Josef, Benjamin, Naftali, Gad og Asjer.

3. Sønene til Juda var Er, Onan og Sjela. Desse tre fekk han med Batsjua, ei kanaaneisk kvinne. Men Herren mislika Er, eldste son til Juda, og han laga det så at han døydde.

4. Med Tamar, sonekona si, fekk Juda sønene Peres og Serah; i alt hadde han då fem søner.

5. Sønene til Peres var Hesron og Hamul.

6. Og sønene til Serah var Simri, Etan, Heman, Kalkol og Darda; dei var i alt fem.

7. Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førte Israel i ulukke då han fór med svik og tok av det som var bannlyst.

8. Etan hadde sonen Asarja.

9. Dei sønene som Hesron fekk, var Jerakme’el, Ram og Kelubai.

10. Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Naksjon, som var hovding for Juda-sønene.

11. Naksjon fekk sonen Salma, og Salma vart far til Boas.

12. Boas fekk sonen Obed, og Obed vart far til Isai.

13. Isai fekk sju søner. Den fyrste var Eliab, den andre Abinadab, den tredje Sjima,

14. den fjerde Netanel, den femte Raddai,

15. den sjette Osem og den sjuande David.

16. Systrene deira var Seruja og Abigajil. Seruja hadde tre søner, Absjai, Joab og Asael.

17. Abigajil fekk sonen Amasa. Far hans var ismaelitten Jeter.

18. Kaleb, son til Hesron, fekk med Asuba, kona si, dottera Jeriot og desse sønene: Jesjer, Sjobab og Ardon.

19. Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kone; med henne fekk han sonen Hur.

20. Hur fekk sonen Uri, og Uri vart far til Besalel.

21. Sidan levde Hesron saman med ei dotter til Makir, far til Gilead. Han var seksti år gamal då han tok henne til kone; med henne fekk han sonen Segub.

22. Segub fekk sonen Ja’ir, som hadde tjuetre byar i Gilead.

23. Men Gesjur og Aram tok frå dei teltbyane deira og Kenat med småbyane ikring, i alt seksti byar. Alle desse hadde sønene til Makir, far til Gilead, ått.

24. Etter at Hesron var død, levde Kaleb saman med Efrat, som hadde vore gift med far hans, og med henne fekk han sonen Asjkur, far til Tekoa.

25. Jerakme’el, eldste son til Hesron, hadde sønene Ram, som han fekk fyrst, og Buna, Oren, Osem og Akia.

26. Men Jerakme’el hadde ei anna kone òg, som heitte Atara. Ho vart mor til Onam.

27. Ram, eldste son til Jerakme’el, hadde sønene Ma’as, Jamin og Eker.

28. Sønene til Onam var Sjammai og Jada, og sønene til Sjammai var Nadab og Abisjur.

29. Kona til Abisjur heitte Abihajil; med henne fekk han sønene Akban og Molid.

30. Sønene til Nadab var Seled og Appajim. Seled døydde barnlaus.

31. Appajim fekk sonen Jisji, Jisji fekk sonen Sjesjan, og Sjesjan fekk sonen Aklai.

32. Sønene til Jada, bror hans Sjammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus.

33. Men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var etterkomarane etter Jerakme’el.

34. Sjesjan hadde ingen søner, berre døtrer. Men han hadde ein egyptisk træl som heitte Jarka.

35. Denne trælen gav Sjesjan dotter si til kone, og med henne fekk han sonen Attai.

36. Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk Sabad.

37. Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk Obed.

38. Obed fekk sonen Jehu, og Jehu fekk Asarja.

39. Asarja fekk sonen Heles, og Heles fekk Elasa.

40. Elasa fekk sonen Sismai, og Sismai fekk Sjallum.

41. Sjallum fekk sonen Jekamja, og Jekamja fekk Elisjama.

42. Kaleb, bror til Jerakme’el, fekk fyrst sonen Mesja, far til Sif, og sidan sonen Maresja, far til Hebron.

43. Sønene til Hebron var Korah, Tappuah, Rekem og Sjema.

44. Sjema fekk sonen Raham, som vart far til Jorkeam, og Rekem fekk sonen Sjammai.

45. Son til Sjammai var Maon, og Maon vart far til Bet-Sur.

46. Efa, fylgjekona til Kaleb, fekk sønene Haran, Mosa og Gases, og Haran fekk sonen Gases.

47. Sønene til Jodai var Regem, Jotam, Gesjan, Pelet, Efa og Sja’af.

48. Ma’aka, fylgjekona til Kaleb, fekk sønene Sjeber og Tirhana.

49. Ho fekk òg sonen Sja’af, som vart far til Madmanna, og Sjeva, som vart far til Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter òg; ho heitte Aksa.

50. Dette var sønene til Kaleb. Hur, eldste son til Efrata, fekk sønene Sjobal, far til Kirjat-Jearim,

51. Salma, far til Betlehem, og Haref, far til Betgader.

52. Sjobal, far til Kirjat-Jearim, fekk sonen Reaja og vart far til halve Manahat-ætta.

53. Kirjat-Jearim-ættene var Jeter-sønene, Put-sønene, Sjuma-sønene og Misjra-sønene. Frå dei er folket i Sora og Esjta’ol ætta.

54. Etterkomarane etter Salma var Betlehem, Netofa-ætta, Atrot-Bet-Joab, den andre halvparten av Manahat-ætta og Sora-ætta.

55. Dei ættene av Sefer-sønene som budde i Jabes, var Tira-sønene, Sjima-sønene og Suka-sønene. Dette er dei kinittane som kom frå Hammat, far til Rekab-ætta.

»