Logo
🔍

Første Krønikebok 24 N78NN

« Prestar og levittar vert inndelte i skift

1. Arons-sønene òg vart inndelte i skift. Sønene til Aron var Nadab og Abihu, Elasar og Itamar.

2. Men Nadab og Abihu døydde før far sin og hadde ingen søner. Det var såleis berre Elasar og Itamar som vart prestar.

3. Saman med Sadok av Elasar-sønene og Akimelek av Itamar-sønene delte David dei inn i flokkar etter den tenesta dei skulle ha.

4. Men då det synte seg at Elasar-sønene hadde fleire hovdingar enn Itamar-sønene, laga dei det så at Elasar-sønene fekk seksten hovdingar for sine ættgreiner og Itamar-sønene åtte for sine ættgreiner.

5. Det var med loddkasting dei delte dei, begge ættene. For det fanst leiarar for det heilage, for det som har med Gud å gjera, både mellom Elasar-sønene og Itamar-sønene.

6. Skrivaren Sjemaja, son til Netanel av Levi-ætta, skreiv dei opp, medan kongen og stormennene, presten Sadok og Akimelek, son til Ebjatar, og ættehovdingane åt prestane og levittane såg på. Kvar gong dei tok ut ei ættgrein for Itamar, tok dei ut to for Elasar.

7. Det fyrste loddet fall på Jojarib, det andre på Jedaja,

8. det tredje på Harim, det fjerde på Seorim,

9. det femte på Malkia, det sjette på Mijamin,

10. det sjuande på Hakkos, det åttande på Abia,

11. det niande på Jesjua, det tiande på Sjekanja,

12. det ellevte på Eljasjib, det tolvte på Jakim,

13. det trettande på Huppa, det fjortande på Jesjebab,

14. det femtande på Bilga, det sekstande på Immer,

15. det syttande på Hesir, det attande på Happisses,

16. det nittande på Petakja, det tjuande på Jeheskel,

17. det tjuefyrste på Jakin, det tjueandre på Gamul,

18. det tjuetredje på Delaja og det tjuefjerde på Ma’asja.

19. Dette var dei skifta dei skulle vera inndelte i når dei kom og gjorde teneste i Herrens hus, så som Aron, ættefar deira, hadde sagt dei føre etter det påbodet han hadde fått frå Herren, Israels Gud.

20. Dei andre Levi-sønene var: av Amram-sønene Sjubael, av Sjubael-sønene Jekdeja;

21. av Rehabja-sønene Jisjia, som var hovding;

22. av Jishar-sønene Sjelomot, av Sjelomot-sønene Jahat;

23. av Hebron-sønene Jeria – den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam;

24. av Ussiel-sønene Mika; av Mika-sønene Sjamir

25. – bror til Mika var Jisjia; av Jisjia-sønene Sakarja;

26. av Merari-sønene Makli og Musji – mellom sønene hans var Ja’asia òg,

27. og etterkomarar etter Merari gjennom Ja’asia, son hans, var Sjoham, Sakkur og Ibri;

28. av Makli-sønene Elasar, som ikkje hadde søner sjølv;

29. av Kisj-sønene Jerakme’el;

30. av Musji-sønene Makli, Eder og Jerimot. Dette var Levi-sønene, ættgrein for ættgrein.

31. Dei òg kasta lodd, liksom Arons-sønene, brørne deira, medan kong David, Sadok og Akimelek og ættehovdingane åt prestane og levittane stod og såg på, dei fremste ættgreinene så vel som dei ringaste.

»