Første Krønikebok 26 N11NN
1. Avdelingane til portvaktene: Til Korah-sønene høyrde Mesjelemja, son til Kore, av Asaf-slekta.
2. Mesjelemja fekk søner. Sakarja var den førstefødde, Jediael den andre, Sebadja den tredje, Jatniel den fjerde,
3. Elam den femte, Johanan den sjette og Eljoenai den sjuande.
4. Obed-Edom fekk søner. Sjemaja var den førstefødde, Josabad den andre, Joah den tredje, Sakar den fjerde, Netanel den femte,
5. Ammiel den sjette, Jissakar den sjuande og Peulletai den åttande; for Gud hadde velsigna han.
6. Sjemaja, son hans, fekk òg søner, som vart dei rådande i sin familie; for dei var djerve krigarar.
7. Sønene til Sjemaja var: Otni, Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, Elihu og Semakja, som var dugande menn.
8. Alle desse var etterkomarar av Obed-Edom. Både dei og sønene og brørne deira var dugande og sterke menn som høvde vel til tenesta. I alt hadde Obed-Edom 62 etterkomarar.
9. Mesjelemja hadde søner og brør, atten dugande menn.
10. Hosa av Merari-slekta hadde desse sønene: Sjimri var leiar; han var ikkje den førstefødde, men faren sette han likevel til leiar;
11. den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør.
12. Dette var avdelingane til portvaktene, nemnde etter leiarane for mennene. Dei skulle gjera vaktteneste i Herrens hus på same måten som brørne sine.
13. Dei kasta lodd om kvar port, familie for familie; alle stod likt, liten som stor.
14. Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans.
15. Obed-Edom fekk sørporten, og sønene hans fekk lagerromma.
16. Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleket-porten, der hovudvegen går oppover. Slik stod dei vakt etter vakt:
17. På austsida stod seks levittar, på nordsida stod fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerromma to og to.
18. Ved føregarden mot vest stod fire attmed hovudvegen og to attmed sjølve føregarden.
Tilsynsmenn og dommarar19. Dette var avdelingane til portvaktene, dei høyrde til Korah-slekta og Merari-slekta.
20. Andre levittar: Ahia hadde ansvar for skattkammera i Guds hus og for alt som var vigd til Herren.
21. Ladan-sønene, etterkomarane av gersjonittane gjennom Ladan, leiarar for familiane til gersjonitten Ladan, jehielittane:
22. Sønene til Jehiel, Setam og Joel, bror hans, hadde ansvaret for skattkammera i Herrens hus.
23. Av slektene til Amram, Jishar, Hebron og Ussiel
24. var det Sjubael, son til Gersjom, son til Moses, som var øvste tilsynsmannen over skattkammera.
25. Slektningane hans frå Elieser var Rehabja, son hans, hans son Jesaja, hans son Joram, hans son Sikri og hans son Sjelomot.
26. Denne Sjelomot og brørne hans hadde ansvaret for skattane som var helga til Herren, dei som kong David og leiarane for familiane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane hadde helga.
27. Av krigsbyttet hadde dei helga noko for å setja Herrens hus i stand.
28. Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde helga, alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med.
29. Av Jishar-slekta vart Kenanja og sønene hans sette til å arbeida utanfor heilagdomen, som tilsynsmenn og dommarar i Israel.
30. Hasjabja av Hebron-slekta og brørne hans, 1700 dugande menn, hadde tilsyn med Israel på den andre sida av Jordan, i alt som hadde med arbeidet for Herren og tenesta for kongen å gjera.
31. Til Hebron-slekta høyrde òg Jeria, som ifølgje slektshistoria var leiar for familiane til hebronittane. I det førtiande styringsåret til David vart det gjort ei undersøking, og det vart funne djerve krigarar mellom dei i Jaser i Gilead.
32. Slektningane hans, 2700 dugande menn, var leiarar for familiane sine. Kong David sette dei over Ruben-stammen, Gad-stammen og halve Manasse-stammen til å ta seg av alt det som hadde med Gud og kongen å gjera.