Første Krønikebok 28 N78NN
1. Så samla David alle Israels hovdingar i Jerusalem, ættehovdingane, førarane for dei hærflokkane som var i teneste hjå kongen, tusenmannsførarane og hundremannsførarane, dei stormennene som hadde tilsyn med all eigedomen og buskapen åt kongen og sønene hans, og like eins hoffmennene, kjempene og alle dei andre gjæve mennene.
2. Og kong David reiste seg frå høgsetet sitt og sa: Høyr på meg, brørne mine og folket mitt! Eg hadde tenkt å byggja eit hus til kvilestad for Herrens paktkiste, for fotskammelen åt vår Gud. Og eg tok til å førebu bygginga.
3. Men Gud sa til meg: «Du skal ikkje byggja eit hus for namnet mitt; for du er ein krigar som har rent ut blod.»
4. Herren, Israels Gud, har av heile farshuset mitt valt meg til å vera konge over Israel for alltid. For det var Juda han hadde kåra til å vera den leiande ætta, og innanfor Juda farshuset mitt. Og mellom sønene åt far min heldt han meg gjævast og gjorde meg til konge over heile Israel.
5. Og av alle sønene mine – for Herren har gjeve meg mange søner – har han valt ut Salomo til å sitja på Herrens kongsstol og råda over Israel.
6. Han sa til meg: «Det er Salomo, son din, som skal byggja huset mitt og føregardane mine. For han har eg valt ut til å vera son min, og eg skal vera far for han.
7. Eg vil grunnfesta kongedømet hans til evig tid, så sant han trufast held seg etter boda og lovene mine, som han gjer det i dag.»
8. No står eg her som heile Israel, Herrens lyd, ser meg, og vår Gud høyrer meg, og eg seier: Hald alle boda som Herren dykkar Gud har gjeve dykk, og granska dei vel! Då skal de få eiga dette gode landet og la det gå i arv til etterkomarane dykkar i all framtid.
9. Og du, Salomo, son min, sjå til at du lærer å kjenna Gud åt far din, og ten han av eit heilt hjarta og ein viljug hug! For Herren ransakar kvart hjarta og kjenner kvar tanke som stig opp i det. Dersom du søkjer Herren, lagar han det så at du finn han. Men vender du deg frå han, støyter han deg bort for alltid.
10. Ta deg i vare! For Herren har valt deg ut til å byggja hans hus og heilagdom. Ver modig og gå til verket!
11. Så gav David Salomo, son sin, ei teikning av forhalla og tempelbygningane, av skattkammera, loftsroma, dei indre kammera og romet for soningsstaden,
12. og ei teikning av alt det han elles hadde i tankar: føregardane til Herrens hus og alle sideroma rundt ikring. Der skulle tempelskattane og dei heilage gåvene liggja,
13. og der skulle preste- og levittskifta halda til. I desse roma skulle dei gjera alt arbeid som trongst for tenesta i Herrens hus, og setja inn alle kara som vart nytta i gudstenesta.
14. David gav opp vekta på gullet til dei gullkara som skulle nyttast i kvar einskild gudsteneste, og like eins vekta på sølvet til alle sølvkara.
15. Han gav òg opp vekta på gull-ljosestakane og gull-lampene som høyrde til, vekta på kvar einskild stake med tilhøyrande lamper, og på sølvljosestakane med lampene som høyrde til, i samsvar med det kvar stake skulle brukast til i gudstenesta,
16. like eins vekta på gullet til skodebrødsborda, kvart bord for seg, og på sølvet til sølvborda,
17. vekta på gaflane, offerskålene og kannene av reint gull, på gullstaupa og sølvstaupa, kvart staup for seg,
18. og vekta på røykjelsesaltaret, som skulle vera av reinsa gull. Han gav òg ei teikning av vogna, det vil seia gullkjerubane som held vengene utbreidde, og vernar Herrens paktkiste.
19. Alt dette stod i eit skrift frå Herrens eiga hand, og der gjorde han det klårt for David korleis alt skulle lagast etter teikninga.
20. Så sa David til Salomo, son sin: Ver modig og sterk, og gå til verket! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet! For Herren Gud, min Gud, er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg før du har fullført alt det som skal gjerast for tenesta i Herrens hus.
21. Sjå, her er preste- og levittskifta, som skal stå for tenesta i Guds hus. Og det er folk hjå deg som har både vilje og evne til å gjera allslags arbeid. Dessutan er hovdingane og heile folket budde til å gjera alt det du seier.