Første Krønikebok 6 N11NN
1. Sønene til Levi var Gersjom, Kehat og Merari.
2. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel.
3. Borna til Amram var Aron, Moses og Mirjam. Og sønene til Aron var Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.
4. Elasar fekk sonen Pinhas, og Pinhas fekk Abisjua;
5. Abisjua fekk sonen Bukki, og Bukki fekk Ussi;
6. Ussi fekk sonen Serahja, og Serahja fekk Merajot;
7. Merajot fekk sonen Amarja, og Amarja fekk Ahitub;
8. Ahitub fekk sonen Sadok, og Sadok fekk Ahimaas;
9. Ahimaas fekk sonen Asarja, og Asarja fekk Johanan;
10. Johanan fekk sonen Asarja; det var han som gjorde presteteneste i det tempelet Salomo hadde bygd i Jerusalem.
11. Asarja fekk sonen Amarja, og Amarja fekk Ahitub;
12. Ahitub fekk sonen Sadok, og Sadok fekk Sjallum;
13. Sjallum fekk sonen Hilkia, og Hilkia fekk Asarja;
14. Asarja fekk sonen Seraja, og Seraja fekk sonen Josadak.
15. Men Josadak laut fara med då Herren dreiv Juda og Jerusalem i eksil ved handa til Nebukadnesar.
16. Sønene til Levi var Gersjom, Kehat og Merari.
17. Dette er namna på sønene til Gersjom: Libni og Sjimi.
18. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel.
19. Og sønene til Merari var Mahli og Musji. Dette er levittslektene, nemnde etter fedrane deira:
20. Gersjom hadde sonen Libni; hans son var Jahat, hans son Simma,
21. hans son Joah, hans son Iddo, hans son Serah og hans son Jeotrai.
22. Kehat hadde sonen Amminadab; hans son var Korah, hans son Assir,
23. hans son Elkana, hans son Ebjasaf, hans son Assir,
24. hans son Tahat, hans son Uriel, hans son Ussia og hans son Saul.
25. Sønene til Elkana var Amasai og Ahimot;
26. hans son var Elkana, hans son Sofai, hans son Nahat,
27. hans son Eliab, hans son Jeroham og hans son Elkana.
28. Samuel hadde to søner; den førstefødde heitte Joel, og den andre heitte Abia.
29. Merari hadde sonen Mahli; son hans var Libni, son hans Sjimi og son hans Ussa;
Tempelsongarane30. hans son var Sjima, hans son Haggia og hans son Asaja.
31. Dette er dei mennene som David innsette til leiarar for songen i Herrens hus då paktkista hadde fått kvilestaden sin der.
32. Før Salomo hadde bygd tempelet i Jerusalem, gjorde dei teneste som songarar framfor teltheilagdomen, Guds bustad. Der stod dei og gjorde tenesta si etter forskriftene.
33. Dette er tempelsongarane og sønene deira: av Kehat-sønene: songaren Heman, son til Joel, son til Samuel,
34. son til Elkana, son til Jeroham, son til Eliel, son til Toah,
35. son til Sif, son til Elkana, son til Mahat, son til Amasai,
36. son til Elkana, son til Joel, son til Asarja, son til Sefanja,
37. son til Tahat, son til Assir, son til Ebjasaf, son til Korah,
38. son til Jishar, son til Kehat, son til Levi, som var son til Israel.
39. Asaf, bror til Heman, som stod på høgre sida hans, var son til Berekja, son til Sjima,
40. son til Mikael, son til Baaseja, son til Malkia,
41. son til Etni, son til Serah, son til Adaja,
42. son til Etan, son til Simma, son til Sjimi,
43. son til Jahat, son til Gersjom, som var son til Levi.
44. Merari-sønene, brørne deira, stod på venstre sida: Etan, son til Kisji, son til Abdi, son til Malluk,
45. son til Hasjabja, son til Amasja, son til Hilkia,
46. son til Amsi, son til Bani, son til Sjemer,
47. son til Mahli, son til Musji, son til Merari, som var son til Levi.
48. Brørne deira, dei andre levittane, var sette til å gjera allslags teneste i huset som er Guds bustad.
49. Aron og sønene hans bar fram offer på brennofferaltaret og på røykjelsesaltaret. Dei skulle gjera all teneste i Det høgheilage og gjera soning for Israel, heilt og fullt så som Moses, Guds tenar, hadde sagt.
50. Dette var etterkomarane av Aron: Elasar, hans son Pinhas, hans son Abisjua,
51. hans son Bukki, hans son Ussi, hans son Serahja,
52. hans son Merajot, hans son Amarja, hans son Ahitub,
Bustadene til levittane53. hans son Sadok og hans son Ahimaas.
54. Dette er bustadene til levittane, teltleirane som dei hadde innanfor landområdet sitt: Først vart det kasta lodd for Aron-sønene av Kehat-slekta,
55. og dei fekk Hebron i Juda med beitemarkene rundt ikring.
56. Men åkerlandet og landsbyane som høyrde byen til, fekk Kaleb, son til Jefunne.
57. Aronittane fekk fribyane Hebron og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker,
58. Hilen med beitemarker og Debir med beitemarker,
59. Asjan med beitemarker og Bet-Sjemesj med beitemarker,
60. og frå Benjamin-stammen Geba med beitemarker, Alemet med beitemarker og Anatot med beitemarker. I alt hadde dei tretten byar for slektene sine.
61. Dei andre Kehat-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting ti byar frå halve Manasse-stammen.
62. Gersjom-sønene, slekt for slekt, fekk tretten byar frå Jissakar-stammen, Asjer-stammen, Naftali-stammen og Manasse-stammen i Basan.
63. Merari-sønene, slekt for slekt, fekk ved loddkasting tolv byar frå Ruben-stammen, Gad-stammen og Sebulon-stammen.
64. Desse byane og beitemarkene som høyrde til, gav israelittane til levittane.
65. Ved loddkasting fekk dei desse byane som er nemnde her, frå Juda-stammen, Simon-stammen og Benjamin-stammen.
66. Dei andre av Kehats etterkomarar fekk desse byane av Efraim-stammen:
67. fribyane Sikem i Efraim-fjella med beitemarker og Geser med beitemarker,
68. Jokmeam med beitemarker og Bet-Horon med beitemarker,
69. Ajjalon med beitemarker og Gat-Rimmon med beitemarker,
70. og av den eine halvparten av Manasse-stammen Aner med beitemarker og Bileam med beitemarker. Dette fekk dei andre Kehat-sønene, slekt for slekt.
71. Gersjom-sønene, slekt for slekt, fekk av den andre halvparten av Manasse-stammen Golan i Basan med beitemarker og Asjtarot med beitemarker;
72. av Jissakar-stammen Kedesj med beitemarker og Daberat med beitemarker,
73. Ramot med beitemarker og Anem med beitemarker;
74. av Asjer-stammen Masjal med beitemarker og Abdon med beitemarker,
75. Hukok med beitemarker og Rehob med beitemarker;
76. og av Naftali-stammen Kedesj i Galilea med beitemarker, Hammon med beitemarker og Kirjatajim med beitemarker.
77. Dei andre Merari-sønene fekk av Sebulon-stammen Rimmon med beitemarker og Tabor med beitemarker;
78. på den andre sida av Jordan ved Jeriko, aust for Jordan, fekk dei av Ruben-stammen Beser i ørkenen med beitemarker og Jahsa med beitemarker,
79. Kedemot med beitemarker og Mefaat med beitemarker,
80. og av Gad-stammen Ramot i Gilead med beitemarker og Mahanajim med beitemarker,
81. Hesjbon med beitemarker og Jaser med beitemarker.