Første Krønikebok 7 N11NN
1. Jissakar hadde fire søner: Tola, Pua, Jasjub og Sjimron.
2. Sønene til Tola var Ussi, Refaja, Jeriel, Jahmai, Jibsam og Samuel. Dei var leiarar for Tola-familiane og djerve krigarar, seier slektshistoria deira. Dei talde 22 600 mann på Davids tid.
3. Son til Ussi var Jisrahja. Og Jisrahja hadde sønene Mikael, Obadja, Joel og Jisjia, alt i alt fem leiarar.
4. Til kvar familie høyrde, ifølgje slektshistoria deira, flokkar av krigarar, 36 000 mann; for dei hadde mange koner og born.
Ætta til Benjamin5. Brørne deira i alle Jissakar-slektene var òg djerve krigarar. I alt stod det 87 000 mann i slektsregisteret deira.
6. Benjamin hadde tre søner: Bela, Beker og Jediael.
7. Sønene til Bela var Esbon, Ussi, Ussiel, Jerimot og Iri, fem i alt. Dei var leiarar for familiane og djerve krigarar. I slektsregisteret deira var det 22 034 mann.
8. Sønene til Beker var Semira, Joasj, Elieser, Eljoenai, Omri, Jeremot, Abia, Anatot og Alemet. Alle desse var sønene til Beker.
9. Etter slektshistoria deira var det 20 200 mann i slektsregisteret, leiarar for familiar og djerve krigarar.
10. Jediael hadde sonen Bilhan, og sønene til Bilhan var Je'usj, Benjamin, Ehud, Kenaana, Setan, Tarsis og Ahisjahar.
11. Alle desse var etterkomarane av Jediael, leiarar for familiar og djerve krigarar, 17 200 stridsføre menn.
Ætta til Naftali12. Sjuppim og Huppim var sønene til Ir, og Husjim var son til Aher.
Ætta til Manasse13. Sønene til Naftali var Jahsiel, Guni, Jeser og Sjallum. Dei var etterkomarar av Bilha.
14. Son til Manasse var Asriel, som han fekk med den arameiske følgjekona si. Ho fødde òg Makir, far til Gilead.
15. Makir tok koner til Huppim og Sjuppim. Syster hans heitte Maaka. Den andre heitte Selofhad, og Selofhad hadde berre døtrer.
16. Maaka, kona til Makir, fødde ein son og kalla han Peres. Bror hans heitte Sjeresj, og sønene hans var Ulam og Rekem.
17. Son til Ulam var Bedan. Dette var sønene til Gilead, son til Makir, som var son til Manasse.
18. Syster hans, Hammoleket, fødde Isjhod, Abieser og Mahla.
Ætta til Efraim19. Sønene til Sjemida var Ahjan, Sikem, Likhi og Aniam.
20. Etterkomarane av Efraim var: Sjutelah, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham,
21. hans son Sabad og hans son Sjutelah, dessutan Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, fordi dei hadde fare ned for å røva buskapen deira.
22. Efraim, far deira, sørgde i lang tid, og brørne hans kom og ville trøysta han.
23. Sidan gjekk han inn til kona si, og ho vart med barn. Ho fødde ein son og gav han namnet Beria, fordi ei ulukke hadde ramma deira hus.
24. Dotter hans heitte Sjeera. Ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Sjeera.
25. Hans son var Refah, hans son Resjef, hans son Telah, hans son Tahan,
26. hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisjama,
27. hans son Nun og hans son Josva.
28. Deira eigedomar og bustader var Betel med landsbyane som høyrde til, mot aust Naaran og mot vest Geser med landsbyar og Sikem med landsbyar, heilt til Ajja med landsbyane som høyrde til.
Ætta til Asjer29. Etterkomarane av Manasse rådde i Bet-Sjean og landsbyane som høyrde til, i Taanak med landsbyar, Megiddo med landsbyar og Dor med landsbyar. I desse byane budde etterkomarane av Josef, son til Israel.
30. Sønene til Asjer var Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria, og Serah var syster deira.
31. Sønene til Beria var Heber og Malkiel. Han var far til Birsajit.
32. Heber fekk sønene Jaflet, Sjomer og Hotam, og Sjua var syster deira.
33. Sønene til Jaflet var Pasak, Bimhal og Asjvat. Det var sønene til Jaflet.
34. Sønene til Sjomer var Ahi, Rohga, Jehubba og Aram.
35. Sønene til Helem, bror hans, var Sofah, Jimna, Sjelesj og Amal.
36. Sønene til Sofah var Suah, Harnefer, Sjual, Beri, Jimra,
37. Beser, Hod, Sjamma, Sjilsja, Jitran og Beera.
38. Sønene til Jeter var Jefunne, Pispa og Ara.
39. Og sønene til Ulla var Arah, Hanniel og Risja.
40. Alle desse var etterkomarane til Asjer, leiarar for familiar, utvalde og djerve krigarar, leiande hovdingar. Det var 26 000 mann som var registrerte til krigsteneste.