Logo
🔍

Første Korinterbrev 14 N78NN

« Rettleiing om gudstenesta

1. Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk.

2. For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden.

3. Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst.

4. Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden.

5. Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd.

6. Set no, brør, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva gagn har de av det, når eg korkje gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære?

7. Sameleis er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ein sitar. Dersom det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då skjøna det som vert spela?

8. Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid?

9. Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret.

10. Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining.

11. Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg.

12. Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden!

13. Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.

14. For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det.

15. Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet.

16. For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier.

17. Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det.

18. Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.

19. Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger.

20. Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne.

21. Det står skrive i lova: Gjennom folk med anna språk og med framandt tungemål skal eg tala til dette folket; men endå vil dei ikkje høyra ¬på meg, seier Herren.

22. Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande.

23. Om no heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller vantruande menneske, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet?

24. Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle.

25. Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: «Gud er sanneleg mellom dykk!»

26. Kva så, brør? Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har noko å tala i tunger, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging!

27. Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller i høgda tre kvar gong. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda.

28. Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud.

29. To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt.

30. Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den fyrste teia.

31. For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få påminning.

32. Profetar har herredøme over åndene som talar i dei.

33. For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle kristne kyrkjelydar

34. skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier.

35. Men vil dei ha greie på noko, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i kyrkjelyden.

36. Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut, eller er det berre til dykk det er kome?

37. Trur nokon at han er profet eller åndsfylt, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod.

38. Den som ikkje godtek dette, vert sjølv ikkje godteken.

39. Difor, brør: Legg vinn på å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger.

40. Men lat alt gå sømeleg og skipeleg til!

»