Logo
🔍

Første Korinterbrev 16 N11NN

«

1. Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de følgja dei påbod eg gav forsamlingane i Galatia.

2. Første dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hos seg sjølv så mykje som de er i stand til, så innsamlinga ikkje skal byrja først når eg kjem.

3. Når eg så kjem, skal eg senda brev med dei som de finn skikka til det, og dei skal føra gåva dykkar til Jerusalem.

Helsingar og nokre ord til slutt

4. Og skulle det visa seg å vera best at eg òg reiser, kan dei reisa saman med meg.

5. Eg skal koma til dykk når eg har vore i Makedonia, for Makedonia skal eg reisa gjennom.

6. Men hos dykk blir eg kanskje verande ei tid, eller til og med vinteren over. Så kan de utrusta meg til ferda vidare, kvar ho så går.

7. For denne gongen vil eg ikkje koma til dykk berre på gjennomreise. Eg håpar å kunna stansa ei tid, om Herren gjev meg lov.

8. I Efesos blir eg verande til pinse.

9. For her står døra vidopen for meg til ei rik gjerning, og det er mange motstandarar.

10. Dersom Timoteus kjem, må de sjå til at han kan kjenna seg trygg hos dykk. For han gjer Herrens gjerning slik eg gjer,

11. og ingen skal sjå ned på han. Hjelp han i veg og lat han fara med fred, så han kan koma tilbake, for eg ventar på han saman med syskena våre.

12. Når det gjeld Apollos, bror vår, har eg bede han inderleg om å reisa til dykk saman med brørne. Men han er slett ikkje villig til å reisa no. Han kjem så snart han får høve til det.

13. Ver vakne! Stå faste i trua! Ver modige! Ver sterke!

14. Lat alt de gjer, bli gjort i kjærleik!

15. Endå ein ting legg eg dykk på hjartet, mine sysken. De veit at husstanden til Stefanas var den første frukta i Akaia, og at dei har vigd seg til teneste for dei heilage.

16. De òg må underordna dykk under slike som dei og under kvar medarbeidar som gjer si gjerning.

17. Eg gleder meg over at Stefanas og Fortunatus og Akaikos er komne. Det har vege opp saknet av dykk.

18. For dei har sett nytt mot i både meg og dykk. Slike som dei skal de visa respekt.

19. Forsamlingane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska og forsamlinga som kjem saman i huset deira, helsar dykk hjarteleg i Herrens namn.

20. Alle syskena dykkar her sender si helsing. Hels kvarandre med eit heilagt kyss!

21. Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand.

22. Om nokon ikkje elskar Herren, forbanna vere han! Marana ta!

23. Herren Jesu nåde vere med dykk!

24. Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.