Første Johannesbrev 2 N78NN
1. Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige.
Det nye bodet2. Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.
3. Og på dette veit vi at vi kjenner han: om vi held boda hans.
4. Den som seier at han kjenner han, men ikkje held boda hans, er ein lygnar, og sanninga er ikkje i han.
5. Men den som held ordet hans, i han har kjærleiken til Gud vorte fullenda. Av dette veit vi at vi er i han.
6. Den som seier at han er i han, må leva som Jesus levde.
7. De kjære! Det er ikkje eit nytt bod eg skriv til dykk, men eit gamalt bod som de har hatt frå fyrste stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt.
8. Likevel er det eit nytt bod eg kjem med, fordi det no har vorte røyndom i han og mellom dykk. For mørkret kverv, og det sanne ljoset skin alt no.
9. Den som seier at han er i ljoset, men hatar bror sin, han er enno i mørkret.
10. Den som elskar bror sin, er i ljoset, og han fører ingen til fall.
Elska ikkje verda!11. Men den som hatar bror sin, er i mørkret og ferdast i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda augo hans.
12. Eg skriv til dykk, mine born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.
13. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de har vunne over den vonde.
14. Eg skriv til dykk, mine born, fordi de kjenner Faderen. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de er sterke. Guds ord vert verande i dykk, og de har vunne over den vonde.
15. Elska ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Faderen i seg.
16. For alt her i verda, sanseleg lyst, augnelyst og hovmod fordi ein er rik, det er ikkje av Faderen, men av verda.
Fornekting og vedkjenning17. Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, vert verande til evig tid.
18. Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen.
19. Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss.
20. Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap.
21. Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga.
22. Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.
23. Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg.
24. Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen.
25. Og dette er det han har lova oss: det evige livet.
26. Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt.
Når Kristus openberrar seg27. Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.
28. Ja, mine born, ver i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje verta bortviste med skam når han kjem att.
29. De veit at han er rettferdig, og då skjønar de at den som lever rett, er fødd av han.