Første Kongebok 20 N78NN
1. Benhadad, kongen i Aram, samla heile hæren sin. Trettito kongar fylgde han med hestar og vogner då han fór i hærferd. Benhadad kringsette Samaria og gjekk til åtak på byen.
2. Han sende nokre menn inn i byen til Akab, kongen i Israel,
3. med det bodet: «Så seier Benhadad: Sølvet og gullet ditt er mitt, og dei venaste konene og borna dine er mine.»
4. Israels-kongen svara: «Det er som du seier, herre konge. Eg og alt mitt er ditt.»
5. Men sendemennene kom att og sa: «Så seier Benhadad: Eg sende deg dette bodet: Du skal gje meg sølvet og gullet ditt og konene og borna dine.
6. I morgon på denne tid sender eg folka mine til deg. Dei skal ransaka både huset ditt og husa åt mennene dine, og alt det du set pris på, skal dei ta med seg.»
7. Då kalla Israels-kongen til seg alle dei eldste i landet og sa: «No ser de vel klårt at han berre vil oss vondt. For då han sende bod til meg, var det konene og borna mine og sølvet og gullet mitt han kravde, og eg nekta han ikkje det.»
8. Då sa alle dei eldste og alt folket til han: «Du må ikkje høyra på han og ikkje gjera han til viljes.»
9. Akab sa til sendemennene frå Benhadad: «Sei til min herre kongen at alt det han sende bod til meg om fyrste gongen, det skal eg gjera. Men dette kan eg ikkje gjera.» Det svaret fór sendemennene attende med.
10. Endå ein gong sende Benhadad bod til han og sa: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om det vert nok grus att av Samaria til å fylla nevane på alt det folket som fylgjer meg.»
11. Israels-kongen svara: «Sei til herren dykkar at den som bind sverdet om seg, ikkje må skryta liksom den som løyser det av seg.»
12. Dette svaret fekk Benhadad medan han og dei andre kongane sat og drakk i Sukkot. Han sa til mennene sine: «Stell dykk opp!» Dei så gjorde og ville storma byen.
13. Då gjekk ein profet fram for Akab, Israels-kongen, og sa: «Så seier Herren: Ser du denne store hopen? I dag gjev eg dei i dine hender, og du skal skjøna at eg er Herren.»
14. «Kven skal gjera dette?» spurde Akab. Profeten svara: «Så seier Herren: Det skal dei unge mennene åt futane gjera.» Kongen spurde: «Kven skal byrja striden?» Hin svara: «Du sjølv.»
15. Så mønstra Akab mennene åt futane. Dei var to hundre og trettito i talet. Sidan mønstra han heile hæren, alle israelittane; det var sju tusen mann.
16. Dei slo til ved middagstid, medan Benhadad sat i Sukkot og drakk i lag med dei trettito kongane som fylgde han.
17. Mennene åt futane var dei fyrste som tok av stad. Benhadad hadde folk ute, og dei kom til han og sa frå: «Det har drege ut nokre menn frå Samaria.»
18. Då sa han: «Ta dei levande, anten dei kjem i fredeleg ærend, eller dei kjem og vil slåst.»
19. Så drog dei ut or byen, både mennene åt futane og hæren som fylgde dei.
20. Dei hogg ned kvar sin mann. Aramearane rømde, og israelittane forfylgde dei. Benhadad, aramearkongen, kom seg unna på ein hest saman med nokre ryttarar.
21. Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og tok hestane og vognene deira. Såleis vann han ein stor siger over aramearane.
22. Då gjekk profeten fram for Israels-kongen og sa til han: «Bu deg til strid! Tenk vel etter kva du skal gjera. For til års kjem aramearkongen og tek på deg att.»
23. Mennene åt aramearkongen sa til kongen sin: «Guden deira er ein fjellgud. Difor vann dei over oss. Men slåst vi med dei på slettlende, vinn vi over dei.
24. Gjer no som vi seier: Set av alle desse kongane, og set inn statthaldarar i staden!
25. Bygg så opp ein hær som er like stor som den du miste, og få deg like mange hestar og vogner som du hadde før. Lat oss så strida med dei på slett mark! Då kan du vera viss på at vi slår dei.» Kongen høyrde på det rådet og gjorde som dei sa.
26. Året etter mønstra Benhadad aramearhæren. Han drog fram til Afek og ville strida mot Israel.
27. Israelittane vart òg kalla til våpen og fekk utstyr. Dei drog ut mot aramearane og leira seg midt for dei som to små geiteflokkar, medan aramearane fylte heile sletta.
28. Då gjekk gudsmannen fram for Israels-kongen og sa til han: «Så seier Herren: Fordi aramearane har sagt at Herren berre er ein fjellgud og ikkje ein dalgud, så vil eg gje heile denne store hopen i dine hender, og de skal skjøna at eg er Herren.»
29. I sju dagar låg hærane midt for einannan. Men den sjuande dagen kom det til strid. Og israelittane felte på ein dag hundre tusen mann av fotfolket åt aramearane.
30. Dei som var att, rømde til Afek og berga seg inn i byen. Men bymuren ramla ned over dei 27 000 mennene som var att. Benhadad òg rømde. Han kom seg inn i byen, der han flaug frå rom til rom.
31. Då sa mennene hans til han: «Vi har høyrt at kongane åt Israels-folket er milde kongar. Lat oss kle oss i strie og leggja reip om halsen og så gå ut til Israels-kongen! Kanskje han då lèt deg få leva.»
32. Så kledde dei seg i strie og la reip om halsen, og då dei kom til Israels-kongen, sa dei: «Benhadad, tenaren din, bed om at du må la han få leva.» Akab svara: «Lever han enno? Han er bror min.»
33. Det tykte mennene varsla godt. Dei tok han straks på ordet og sa: «Ja, Benhadad er bror din.» Då sa Akab: «Gå og henta han!» Så kom Benhadad ut til han, og Akab bad han stiga opp i vogna til seg.
Eit profetord om Akabs død34. Då sa Benhadad til han: «Dei byane som far min tok frå far din, vil eg gje frå meg att. Og du kan få byggja eit handelskvartal i Damaskus, liksom far min gjorde i Samaria.» Akab svara: «På det vilkåret gjev eg deg fri.» Så gjorde han ei pakt med Benhadad og gav han fri.
35. Ein av profetsveinane sa på Herrens bod til ein av dei andre: «Slå til meg!» Men mannen ville ikkje.
36. Då sa profeten til han: «Fordi du ikkje lydde Herrens røyst, skal det koma ei løve og drepa deg når du går frå meg.» Og med det same den andre gjekk, kom det ei løve imot han og drap han.
37. Sidan møtte profeten ein annan mann og sa: «Slå til meg!» Då slo mannen til han så han vart såra.
38. Og profeten gjekk av stad og stod på vegen der kongen skulle koma. Han hadde lagt eit bind over augo, så ingen kjende han att.
39. Då kongen fór framom, ropa profeten til han: «Herre, eg var med på ei hærferd. Midt i striden kom det ein mann bort til meg. Han hadde med seg ein annan mann og sa: Ta vel vare på denne karen! Slepp han unna, må du bøta for det med ditt eige liv eller betala ein talent sølv.
40. Men tenaren din hadde litt å gjera både her og der, og mannen vart borte.» Israels-kongen sa: «Der felte du din eigen dom.»
41. Då reiv profeten bindet frå augo, og kongen kjende han att og såg at det var ein av profetane.
42. Profeten sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sleppte frå deg den mannen som eg hadde bannlyst, skal du lata livet i staden for han, og ditt folk i staden for hans folk.»
43. Så fór Israels-kongen heim. Mismodig og harm kom han til Samaria.