Første Petersbrev 2 N11NN
1. Legg difor av all vondskap, svik og hykleri, misunning og baktale,
2. og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse.
3. For de har smaka at Herren er god.
4. Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud.
5. Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.
6. For det heiter i Skrifta: Sjå, på Sion legg eg ein hjørnestein, utvald og kosteleg; den som trur på han, skal ikkje bli til skamme.
7. Så blir han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har steinen som bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,
8. ein snublestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje er lydige mot Ordet, snublar dei. Slik var det òg fastsett at det skulle gå dei.
9. Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.
Å leva i verda10. De som før ikkje var eit folk, er no Guds folk. De som før ikkje fann miskunn, har no funne miskunn.
11. Eg legg dykk på hjartet, mine kjære, de som er framande og utlendingar i verda, at de skal sky lystene i dykkar kjøt og blod som fører krig mot sjela.
12. Lev rett mellom heidningane, så dei som baktalar dykk og kallar dykk vonde menneske, kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud den dagen han kjem.
13. For Herrens skuld skal de underordna dykk all styresmakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste,
14. eller landshovdingane, som han har sendt for å straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.
15. For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og slik stogga munnen på uforstandige og uvitande menneske.
16. De er frie. Bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera vondt, men til å tena Gud.
17. De skal visa alle ære, elska syskenfellesskapet, ottast Gud og æra keisaren.
18. De tenestefolk skal vera underordna herrane dykkar og ha ærefrykt for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg.
19. For det er godt om nokon finn seg i ufortent liding fordi samvitet er bunde til Gud.
20. Om de toler straff når de har gjort noko gale, er det noko å skryta av? Men om de toler lidingar når de gjer det rette, då er det godt i Guds auge.
21. Det var dette de vart kalla til. For Kristus leid for dykk og gav dykk eit førebilete, så de skulle følgja i hans fotspor.
22. Han gjorde inga synd, og det fanst ikkje svik i hans munn.
23. Han svara ikkje med hån når han vart hånt, han truga ikkje når han leid, men overlét si sak til han som dømmer rettferdig.
24. På sin eigen kropp bar han syndene våre opp på treet, så vi skulle døy bort frå syndene og leva for rettferda, og ved hans sår vart de lækte.
25. De var som sauer som hadde gått seg vill, men no har de vendt om til han som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar.