Første Petersbrev 3 N78NN
1. Like eins skal de gifte kvinner vera mennene dykkar underordna. Så kan dei mennene som står Ordet imot, verta vunne, ikkje med ord, men med det liv kona lever,
2. når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud.
3. Lat ikkje ytre stas, hårflettingar, gullkjeder eller fine klede vera dykkar prydnad,
4. men det indre, løynde menneske, den mjuke og stille ånd, som er uforgjengeleg og gjæv for Gud.
5. For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var mennene sine underordna,
6. liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt noko skræma dykk.
Løn ikkje vondt med vondt!7. Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.
8. Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samhuga og syn medkjensle, elska kvarandre som sysken, ver miskunnsame og audmjuke.
9. Løn ikkje vondt med vondt eller skjellsord med skjellsord. Men velsigna heller. For de er kalla til å få velsigning.
10. Den som elskar livet og vil sjå gode dagar, skal halda tunga frå det vonde og lippene frå svikefulle ord.
11. Han må venda seg frå det vonde og gjera det gode, søkja fred og jaga etter han.
12. For Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige, og han vender øyra ¬til deira bøn. Men Herren vender seg mot dei ¬som gjer vondt.
13. Og kven kan gjera dykk vondt, når de brenn for det gode?
14. Men sæle er de om de lid for rettferd skuld. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skræma,
15. men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig.
16. Men gjer det audmjukt og med age, så de kan ha reint samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar rette livsferd i Kristus, verta til skammar med skuldingane sine.
Dåpen og det nye livet17. For det er betre å lida når ein gjer godt, om Gud så vil, enn når ein gjer vondt.
18. For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden,
19. og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap.
20. Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn,
21. det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode –
22. han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.