Logo
🔍

Første Samuelsbok 10 N11NN

«

1. Samuel tok ei oljekrukke og helte oljen ut over hovudet til Saul. Han kyste Saul og sa: «No har Herren salva deg til fyrste over eigedomen sin.

2. Når du går frå meg i dag, møter du to menn ved Rakels grav i Selsah i Benjamin-landet. Dei seier til deg: Eselhoppene som du drog ut for å leita etter, er komne til rette. Far din tenkjer ikkje på dei lenger, men er redd for dykk og seier: Kva skal eg gjera for son min?

3. Når du går vidare derifrå og kjem til Tabor-eika, møter du tre menn som er på veg opp til Betel for å tilbe Gud. Den eine ber tre kje, den andre tre runde brød og den tredje ein skinnsekk med vin.

4. Dei helsar på deg og gjev deg to brød, som du skal ta imot.

5. Så kjem du til Guds Gibea, der filistrane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, treffer du ein flokk profetar som kjem ned frå offerhaugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei gripne av profetisk glød.

6. Då kjem Herrens ande over deg så du òg kjem i profetisk glød saman med dei og blir eit anna menneske.

7. Når du ser desse teikna, så gjer det du maktar! For Gud er med deg.

8. Gå føre meg ned til Gilgal! Der vil eg koma til deg og ofra brennoffer og fredsoffer. Sju dagar må du venta før eg kjem og seier deg kva du skal gjera.»

9. Då Saul snudde seg for å gå frå Samuel, gav Gud han eit anna hjarte. Og same dagen hende alle desse teikna.

10. Han kom til Gibea, der han møtte ein flokk profetar. Då kom Guds ande over han, og han vart gripen av profetisk glød saman med dei.

11. Alle som kjende han, såg at han tala profetisk saman med profetane. Dei sa til kvarandre: «Kva har hendt med son til Kisj? Er Saul òg mellom profetane?»

12. Ein mann derifrå sa: «Kven er då far deira?» Slik er det vorte eit ordtak: «Er Saul òg mellom profetane?»

13. Då den profetiske gløden var over og Saul kom til offerhaugen,

14. sa onkelen hans til han og tenesteguten hans: «Kvar har de vore?» «På leiting etter eselhoppene», svara han, «og då vi ikkje såg noko til dei, gjekk vi til Samuel.»

15. Då sa onkelen: «Fortel meg kva Samuel sa til dykk.»

16. «Han fortalde oss at eselhoppene var komne til rette», svara Saul. Men det som Samuel hadde sagt om kongsmakta, fortalde han ikkje til onkelen.

17. Sidan kalla Samuel folket saman til Herren i Mispa.

18. Der sa han til israelittane: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg førte Israel opp frå Egypt og fria dykk frå handa til egyptarane og frå alle dei andre rika som undertrykte dykk.

19. Men no har de vraka dykkar Gud, han som berga dykk ut or all naud og fare, og de har sagt: Nei, set ein konge over oss! – Stig no fram for Herrens andlet, stamme for stamme og slekt for slekt!»

20. Samuel lét alle Israels stammar stiga fram, og loddet fall på Benjamin-stammen.

21. Så lét han Benjamin-stammen koma fram, slekt for slekt, og loddet fall på Matri-greina. Deretter fall loddet på Saul, son til Kisj. Dei leita etter han, men kunne ikkje finna han.

22. Då spurde dei Herren ein gong til: «Er mannen komen hit?» Herren svara: «Han har gøymt seg blant krigsutstyret.»

23. Dei sprang og henta han der, og han steig fram midt i folkemengda. Han var eit hovud høgare enn alle andre.

24. Og Samuel sa til folket: «Her ser de han som Herren har valt ut! Det finst ikkje hans like i heile folket.» Og heile folket sette i eit hyllingsrop: «Leve kongen!»

25. Så kunngjorde Samuel kongelova for folket. Han skreiv henne opp i ei bok som han la ned for Herrens andlet. Sidan sende han folket heim, kvar til sitt.

26. Saul drog òg heim til Gibea, og med han følgde det nokre djerve menn. Gud hadde rørt ved hjartet deira.

27. Men nokre gudlause menn sa: «Kva hjelp kan denne mannen gje oss?» Dei forakta han og kom ikkje med hyllingsgåve til han. {{Nahasj, kongen over ammonittane, undertrykte gadittane og rubenittane med makt. Han stakk ut det høgre auget på dei, og det fanst ingen redningsmann for Israel. Det var ikkje att nokon israelitt på den andre sida av Jordan som ikkje Nahasj, kongen over ammonittane, hadde stukke ut høgre auget på. Men sjå, sju tusen mann berga seg frå handa åt ammonittane, og dei kom til Jabesj i Gilead.

»