Første Samuelsbok 15 N78NN
1. Ein dag sa Samuel til Saul: «Det var meg Herren sende for å salva deg til konge over folket hans, over Israel. Lyd no Herrens ord!
2. Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil straffa amalekittane for det dei gjorde mot Israel, at dei la hindringar i vegen for israelittane då dei drog opp frå Egypt.
3. Dra no ut og slå amalekittane, og bannlys alt det dei eig! Vis ikkje medkjensle, men drep menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar og sauer, kamelar og esel!»
4. Så kalla Saul folket til våpen og mønstra dei i Tela’im. Det var to hundre tusen mann, og av dei var ti tusen frå Juda.
5. Då Saul kom til byen åt amalekittane, la han folk i bakhald nede i dalen.
6. Og til kenittane sa han: «Skil lag med amalekittane og dra bort, så eg ikkje gjer ende på dykk saman med dei. For de gjorde vel mot israelittane då dei drog opp frå Egypt.» Då skilde kenittane lag med amalekittane.
7. Saul slo amalekittane og forfylgde dei frå Havila til bortimot Sjur, som ligg austanfor Egypt.
8. Han fanga amalekittkongen Agag levande. Og alt folket bannstøytte han og hogg dei ned med sverd.
9. Men Saul og mennene hans sparte Agag og det beste av småfeet og storfeet, gjøfeet og lamma. Dei sparte alt som var noko verdt, og ville ikkje bannstøyta det. Men alt fe som var ringt og verdilaust, det bannstøytte dei.
10. Då kom Herrens ord til Samuel, og det lydde så:
11. «Eg angrar at eg gjorde Saul til konge; for han har vendt seg bort frå meg og ikkje halde seg etter mitt ord.» Då vart Samuel harm og ropa til Herren heile natta.
12. Morgonen etter stod han tidleg opp og ville fara til møtes med Saul. Han fekk høyra at Saul var komen til Karmel og hadde reist seg eit minnesmerke der. Så hadde han snutt og fare nedetter til Gilgal.
13. Då Samuel kom til Saul, sa Saul til han: «Velsigna vere du av Herren! Eg har halde meg etter Herrens ord.»
14. Men Samuel sa: «Kva er det då for bræking som læt for øyro mine, og kva er det for rauting eg høyrer?»
15. Saul svara: «Det er nokre krøter dei har teke frå amalekittane og drive hit. Folket sparte det beste av småfeet og storfeet, av di dei ville ofra det til Herren din Gud; men resten har vi bannstøytt.»
16. Då sa Samuel til Saul: «Hald opp, så skal eg kunngjera deg kva Herren tala til meg i natt.» «Tal!» svara Saul.
17. Samuel sa: «Endå du har så små tankar om deg sjølv, er du likevel hovding over Israels-ættene! Herren har salva deg til konge over Israel.
18. Sidan sende han deg i veg og sa: Gå og bannstøyt amalekittane, dette syndige folket, og strid mot dei til du har gjort ende på dei!
19. Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over hærfanget og gjorde det som vondt var i Herrens augo?»
20. Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og gjorde ende på amalekittane.
21. Men folket tok noko småfe og storfe av hærfanget, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.»
22. Då sa Samuel: «Trur du Herren har hugnad i brennoffer og slaktoffer så som i lydnad ¬mot Herrens ord? Nei, lydnad er betre ¬enn slaktoffer, og viljug hug er betre ¬enn verefeitt.
23. Trass er jamgodt ¬med spådoms-synd, og stridlynde ¬er som avgudsdyrking. Fordi du har vraka Herrens ord, har han vraka deg som konge.»
24. Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda; for eg har gjort imot Herrens ord og dine påbod. Eg var redd folket og gav etter for dei.
25. Kjære, tilgjev no synda mi, og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.»
26. Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg; du skal ikkje lenger vera konge over Israel.»
27. Dermed snudde han seg og ville gå. Men Saul treiv i snippen på kappa hans, så ho rivna.
28. Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du.
29. Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, så han skulle angra.»
30. Saul svara: «Eg har synda. Men vis meg likevel den ære framfor dei eldste i folket mitt og heile Israel at du er med meg attende! Så vil eg tilbe Herren din Gud.»
31. Då gjekk Samuel med han attende, og Saul tilbad Herren.
32. Sidan sa Samuel: «Før Agag, amalekittkongen, hit til meg!» Skjelvande steig Agag fram for han og sa: «Sanneleg, beisk er døden!»
33. Men Samuel svara: «Som sverdet ditt ¬har gjort kvinner barnlause, skal mor di verta barnlaus, ¬framom andre kvinner.» Så hogg Samuel Agag ned for Herrens åsyn i Gilgal.
34. Med så gjort gav han seg på veg til Rama, og Saul fór heim att til Sauls Gibea.
35. Sidan ville ikkje Samuel sjå Saul meir så lenge han levde; for han syrgde over Saul. Men Herren angra at han hadde gjort Saul til konge over Israel.