Første Tessalonikerbrev 2 N78NN
1. De veit sjølve, brør, at det ikkje var fåfengt at vi kom til dykk.
2. Endå vi føreåt hadde lide vondt og vorte ille medfarne i Filippi, som de kjenner til, gav vår Gud oss frimod til å tala Guds evangelium til dykk, jamvel om det var ein hard strid.
3. Forkynninga vår kjem ikkje av villfaring eller urein hug, og vi fer heller ikkje med svik.
4. Nei, Gud har funne oss verdige til å få evangeliet overlate; difor talar vi som vi gjer, ikkje for å tekkjast menneske, men Gud, han som prøver hjarto våre.
5. For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om vinning; Gud er vårt vitne.
6. Vi søkte ikkje ære av menneske, korkje av dykk eller av andre,
7. endå vi som Kristi apostlar kunne gått fram med makt og mynde. I staden var vi milde mot dykk, som når ei mor steller om borna sine.
8. Vi hadde vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk, ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss.
9. De minnest, brør, kva strev og møde vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samstundes arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera nokon av dykk til tyngsle.
10. Både de og Gud kan stadfesta kor heilagt, ærleg og ulastande vi ferdast mellom dykk, de truande,
11. liksom de veit kor vi påminte kvar og ein av dykk som ein far påminner borna sine.
12. Vi sette mot i dykk og bad dykk inderleg at de skulle ferdast så som verdig er for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.
13. Og difor takkar vi alltid Gud: Då de fekk overgjeve det Guds ord som vi forkynte, tok de imot det, ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er, og det verkar med kraft i dykk som trur.
14. For de, brør, har teke Guds kyrkjelydar i Judea til føredøme, dei som har sitt liv i Kristus Jesus. De har mått tola det same av dykkar landsmenn som dei har mått tola av jødane,
15. dei som drap Herren Jesus og profetane og forfylgde oss. Dei er ikkje Gud til hugnad og står alle menneske imot,
Paulus vil atter til Tessalonika16. for dei hindrar oss i å tala til heidningane, så dei kan verta frelste. Såleis fyller dei alltid syndemålet sitt. Men til sist har vreiden nått dei.
17. Ei lita stund var vi skilde frå dykk, brør; de var ute or augo, men ikkje or hugen. Men vi lengta så sterkt etter dykk at vi fekk meir og meir hug til å sjå dykk att.
18. Difor sette vi oss føre å vitja dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to gonger. Men Satan hindra oss.
19. For kven skal vera vår von, vår glede og vår ærekrans om ikkje de, den dagen vår Herre Jesus kjem, og vi står for hans åsyn?
20. Ja, de er vår ære og vår glede!