Logo
🔍

Første Timoteusbrev 2 N78NN

« Føreskrifter for gudstenesta

1. Så legg eg dykk framfor alt på hjarta at de ber fram bøner og forbøner, påkalling og takk for alle menneske.

2. Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad.

3. Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar,

4. han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna.

5. For det er éin Gud og éin mellommann mellom Gud og menneske: mennesket Kristus Jesus,

6. han som gav seg sjølv til løysepeng for alle. Det var vitnemålet hans då tida var komen;

7. og for det vart eg sett til herold og apostel. Dette er sant, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning.

8. Eg vil at mennene alle stader der dei held bøn, skal lyfta reine hender, utan sinne og trette.

9. Like eins vil eg at kvinnene skal ha ei fin framferd. Dei skal ikkje pynta seg utfordrande, men sømeleg, ikkje med allslags flettingar, gullsmykke, perler eller dyre klede.

10. Deira prydnad skal vera gode gjerningar; det sømer seg for kvinner som vil leva etter Guds vilje.

11. Ei kvinne skal ta imot læra teiande; ho skal underordna seg.

12. Eg gjev ikkje ei kvinne lov til å vera lærar eller rå over mannen; ho skal halda seg still.

13. For Adam vart skapt fyrst, og så Eva.

14. Og Adam vart ikkje forført, men kvinna lét seg forføra og braut bodet.

15. Men ho skal verta frelst, gjennom si barnefødsle, berre ho held fast på tru, kjærleik og helging, og lever som det sømer seg.

»