Logo
🔍

Andre Krønikebok 29 N78NN

« Hiskia reinsar gudsdyrkinga

1. Hiskia vart konge då han var tjuefem år gamal, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abia og var dotter til Sakarja.

2. Hiskia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som David, ættefar hans, hadde gjort.

3. I det fyrste styringsåret sitt, i den fyrste månaden, opna han atter dørene til Herrens hus og sette dei i stand.

4. Så sende han bod etter prestane og levittane, samla dei på den opne plassen i aust

5. og sa til dei: Høyr på meg, de levittar! Helga no fyrst dykk sjølve, og helga så huset åt Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen!

6. For fedrane våre har bore seg trulaust åt. Dei har gjort det som vondt er i Herrens augo, og skilt seg frå han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snutt ryggen til han.

7. Dei har jamvel stengt dørene til forhalla og sløkt lampene; dei har ikkje brent røykjelse og ikkje bore fram brennoffer for Israels Gud i heilagdomen.

8. Difor er Herrens vreide komen over Juda og Jerusalem, og han har gjeve folket over til redsle, tyning og spott, som de ser det med eigne augo.

9. Sjå, fedrane våre er falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap.

10. Men no har eg tenkt å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss.

11. Slå dykk ikkje til ro, sønene mine! For dykk har Herren valt til å stå for hans åsyn og tena han, til å vera tenarane hans og ofra til han.

12. Då tok levittane til med arbeidet. Av Kehat-sønene var det Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja, av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel, av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah,

13. av Elisafan-sønene Sjimri og Je’uel, av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja,

14. av Heman-sønene Jehuel og Sjimi, og av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.

15. Dei samla brørne sine og helga seg, og så gjekk dei inn og reinsa Herrens hus, som kongen hadde sagt dei etter Herrens ord.

16. Prestane gjekk inn i Herrens hus og ville reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen.

17. Det var den fyrste dagen i den fyrste månaden dei tok til å helga seg, og den åttande dagen gjekk dei inn i forhalla til Herrens hus. Så helga dei templet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den fyrste månaden var dei ferdige.

18. Då gjekk dei inn til kong Hiskia og sa: «No har vi reinsa heile Herrens hus og brennofferaltaret med alt som til høyrer, og skodebrødsbordet med alt som til høyrer.

19. Og alle dei kar som kong Akas i sin utruskap hadde vanhelga den tid han rådde for riket, dei har vi vølt og helga, og no står dei framfor Herrens altar.»

20. Tidleg andre morgonen samla kong Hiskia stormennene i byen og gjekk opp til Herrens hus.

21. Dei hadde med seg sju oksar, sju verar, sju lam og sju bukkar til syndoffer for riket, for heilagdomen og for folket i Juda. Og kongen baud Arons-sønene, prestane, å ofra dei på Herrens altar.

22. Dei slakta då oksane, og prestane tok imot blodet og skvette det på altaret. Så slakta dei verane og skvette blodet på altaret, og det same gjorde dei med lamma.

23. Sidan leidde dei syndofferbukkane fram for kongen og lyden. Dei la hendene sine på dei,

24. og prestane slakta dei og skvette blodet deira på altaret som syndoffer, til soning for heile Israel. For kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulle vera for heile folket.

25. Samstundes lét han levittane stella seg opp i Herrens hus med cymblar, harper og lyrer, som David og Gad, sjåaren åt kongen, og Natan, profeten, hadde føreskrive. For det var Herren sjølv som hadde gjeve dette påbodet gjennom profetane sine.

26. Så stod då levittane der med dei instrumenta David hadde fastsett, og prestane med trompetar.

27. Då baud Hiskia at brennofferet skulle berast fram på altaret. Og med det same ofringa tok til, røysta dei i songen for Herren, til tonar frå trompetane og dei andre instrumenta David, Israels konge, hadde fastsett.

28. Heile lyden kasta seg ned, og songen ljoma og trompetane klang; alt dette heldt ved til ofringa var slutt.

29. Då dei hadde bore fram offeret, la dei seg på kne og tilbad, både kongen og alle som var saman med han.

30. Så baud kong Hiskia og stormennene at levittane skulle lovsyngja Herren med ord av David og sjåaren Asaf. Og dei lova han med glede og bøygde seg i tilbeding.

31. Då tok Hiskia til ords og sa: «No har de hendene fulle av gåver til Herren. Kom hit og ha med dykk slaktoffer og takkoffer til Herrens hus!» Då kom lyden med slaktoffer og takkoffer, og alle som kjende seg drivne til det, hadde med seg brennoffer òg.

32. Talet på dei brennofferdyr som lyden bar fram, var: sytti oksar, hundre verar og to hundre lam. Alt dette var etla til brennoffer for Herren.

33. Dei andre offergåvene som vart framborne, var seks hundre oksar og tre tusen sauer.

34. Men prestane var for få til å flå alle offerdyra. Difor fekk dei hjelp av levittane, brørne sine, til arbeidet var fullført, og alle prestane hadde helga seg. For levittane hadde synt ærlegare vilje til å helga seg enn prestane.

35. Så var det då òg ei mengd med brennoffer å bera fram, og attåt dei kom feittet av måltidsoffera og like eins drikkofferet som høyrde brennoffera til. Såleis kom tenesta i Herrens hus i rett skikk.

36. Og Hiskia og heile folket gledde seg over det som Gud hadde gjort for folket; for alt hadde gått så snøgt.

»