Andre Kongebok 13 N78NN
1. I det tjuetredje året Joasj, son til Akasja, var konge i Juda, vart Joakas, son til Jehu, konge i Israel. Han styrte i Samaria i sytten år.
2. Joakas gjorde det som vondt var i Herrens augo, og heldt fram med dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei gav han ikkje opp.
3. Då vart Herren brennande harm på Israel. Gong på gong gav han dei i hendene på aramearkongen Hasael og son hans, Benhadad.
4. Men Joakas bad Herren om nåde, og Herren høyrde bøna hans; for han såg kor vondt israelittane hadde det når aramearkongen plaga dei.
5. Herren gav dei ein bergingsmann, så dei kom seg fri frå aramearveldet. No kunne israelittane bu i heimane sine som før.
6. Likevel gav dei ikkje opp dei syndene som Jeroboams ætt hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt dei fram med. Jamvel Asjera-biletet vart ståande i Samaria.
7. Joakas hadde ikkje meir att enn femti hestfolk med ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv.
8. Det som elles er å seia om Joakas og alt det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
9. Joakas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.
10. I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joakas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år.
11. Joasj gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.
12. Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i striden med Amasja, kongen i Juda, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
Profeten Elisja døyr13. Då Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine, sette Jeroboam seg på kongsstolen hans. Joasj vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg.
14. Då Elisja hadde fått den sjukdomen som han døydde av, kom Joasj, Israels-kongen, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!»
15. Elisja sa til han: «Henta ein boge og nokre piler!» Då han det hadde gjort,
16. sa Elisja til kongen: «Legg handa di på bogen!» Han så gjorde, og Elisja la hendene sine på hendene åt kongen
17. og sa: «Lat opp vindauga som vender mot aust!» Han lét det opp, og Elisja sa: «Skyt!» Så skaut kongen. Då sa profeten: «Ei sigerspil frå Herren, ei sigerspil mot Aram! Du skal slå aramearane i Afek og gjera ende på dei.»
18. Så sa han: «Ta pilene!» Kongen tok dei, og profeten sa til han: «Slå på jorda!» Han slo tre gonger, men så heldt han opp.
19. Då vart gudsmannen harm på han og sa: «Du skulle ha slege fem eller seks gonger! Då hadde du slege aramearane og gjort heilt ende på dei. No kjem du berre til å slå dei tre gonger.»
20. Så døydde Elisja og vart gravlagd. På den tid kom det kvart år herjeflokkar frå Moab inn i landet.
Israel vinn over aramearane21. Ein gong fekk nokre som skulle gravleggja ein mann, sjå at det kom ein slik herjeflokk. Då kasta dei mannen ned i grava til Elisja. Med det same mannen kom nær beina åt Elisja, livna han opp att og reiste seg.
22. Hasael, kongen i Aram, plaga israelittane hardt så lenge Joakas levde.
23. Men Herren var nådig og mild mot dei. Han tok seg av dei på grunn av den pakta han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob. Han ville ikkje øyda dei ut og støytte dei endå ikkje bort frå seg.
24. Då aramearkongen Hasael døydde, vart Benhadad, son hans, konge etter han.
25. Joasj, son til Joakas, vann då att frå Benhadad, son til Hasael, dei byane som Hasael hadde teke frå Joakas, far hans, då det var ufred mellom dei. Tre gonger slo han Benhadad og tok att dei byane som hadde høyrt Israel til.