Andre Kongebok 16 N78NN
1. I det syttande styringsåret åt Pekah Remaljason vart Akas, son til Jotam, konge i Juda.
2. Han var tjue år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Akas gjorde ikkje det som rett var for Herren hans Gud, så som David, ættefar hans, hadde gjort,
3. men fylgde den same vegen som Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden, ein stygg skikk som han fekk frå dei folkeslaga Herren hadde drive ut or landet for israelittane.
4. Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre.
5. På den tid gjorde aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah Remaljason ei hærferd mot Jerusalem. Dei kringsette Akas, men greidde ikkje å gå til åtak.
6. Det var den gongen aramearkongen Resin vann att Eilat til Edom og dreiv judearane ut or byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og der har dei butt til denne dag.
7. Då sende Akas bod til Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og sa: «Eg er din tenar og din son. Kom og berga meg frå aramearkongen og Israels-kongen, som har gått til strid mot meg.»
8. Akas tok alt sølvet og gullet i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden, og sende det til assyrarkongen i gåve.
Omskifte i templet9. Og assyrarkongen gjorde som han bad. Han gjekk mot Damaskus og tok byen. Folket som budde der, førte han bort til Kir, og Resin drap han.
10. Kong Akas fór til Damaskus og ville møta assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå det altaret som var der, sende han bod til presten Uria med bilete av altaret, ei teikning som i eitt og alt synte korleis det var laga.
11. Og før kong Akas kom att frå Damaskus, hadde presten Uria bygt altaret. Det svara heilt og fullt til det biletet kong Akas hadde sendt frå Damaskus.
12. Då kongen kom heim att frå Damaskus og såg altaret, gjekk han fram for det og ofra på det.
13. Han brende brennofferet og grødeofferet sitt og auste ut drikkofferet, og blodet av det måltidsofferet han bar fram, skvette han på altaret.
14. Men bronsealtaret, som stod for Herrens åsyn, flytte han bort frå den staden det hadde hatt framfor templet, mellom det nye altaret og Herrens hus. Han sette det på nordsida av det nye altaret.
15. Kong Akas gav presten Uria dette påbodet: «På det store altaret skal du brenna brennofferet som vert frambore om morgonen, og grødeofferet som vert frambore om kvelden, både brennofferet for kongen og grødeofferet hans og brennofferet for heile folket og grødeofferet og drikkofferet deira. Og alt blodet av brennofferet og slaktofferet skal du skvetta på det store altaret. Men bronsealtaret vil eg bruka når eg tek varsel.»
16. Og presten Uria gjorde i eitt og alt som kongen baud han.
17. Kong Akas skar av tverrlistene på fotstykka og tok ned offerkjelane som stod på dei. Så tok han havet ned av bronseoksane som det kvilte på, og sette det på eit steingolv.
18. For assyrarkongen skuld tok han bort den sabbatsgangen med tak over som dei hadde bygt i Herrens hus, og like eins den ytre kongeinngangen.
19. Det som elles er å seia om Akas og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
20. Akas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, og Hiskia, son hans, vart konge etter han.