Logo
🔍

Andre Kongebok 2 N78NN

« Elia vert oppteken til himmelen

1. Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, bar det så til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal.

2. Elia sa til Elisja: «Ver du her! For Herren sender meg til Betel.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så fór dei ned til Betel.

3. Profetsveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det, eg òg. Tei berre stilt!»

4. Så sa Elia til han: «Ver du her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Men han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko.

5. Profetsveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!»

6. No sa Elia til han: «Ver du her! For Herren sender meg til Jordan.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei frametter, dei to.

7. Då kom femti av profetsveinane ut og stelte seg opp midt for dei eit stykke unna, medan dei to stod nedmed Jordan.

8. Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då delte vatnet seg, og begge gjekk over på turre botnen.

9. Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei kva du vil at eg skal gjera for deg før eg vert teken frå deg.» Elisja svara: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!»

10. Elia sa: «Det er ikkje lite, det du bed om. Men ser du meg når eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»

11. Som dei gjekk der og tala saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei åt. Og Elia fór opp til himmelen i stormen.

12. Då Elisja såg det, ropa han: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke.

13. Så tok han opp kappa åt Elia, som hadde falle av han, gjekk attende til Jordan og vart ståande på elvebakken.

14. Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Då Elisja slo på vatnet, delte det seg, og han gjekk over.

15. Det såg profetsveinane frå Jeriko der dei stod midt for han, og dei sa: «Ånda åt Elia kviler over Elisja.» Og dei kom til møtes med han og kasta seg til jorda for han.

16. Så sa dei: «Det er femti sterke karar her hjå tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens Ande har ført han bort og sleppt han ned på eit fjell eller i ein dal.» Han svara: «De skal ikkje senda nokon.»

17. Men dei bad han så lenge at han gav etter og sa: «Lat dei gå då!» Så sende dei ut femti mann, og dei leita etter Elia i tre dagar, men fann han ikkje.

Elisja gjer under i Jeriko og Betel

18. Dei kom attende til Elisja medan han var i Jeriko. Og han sa til dei: «Var det ikkje det eg sa at de ikkje skulle gå?»

19. Folket i Jeriko sa til Elisja: «Som du ser, herre, ligg byen lagleg til. Men vatnet er ringt, og jorda gjev ikkje grøde.»

20. Då sa han: «Henta eit nytt fat til meg og ha salt opp i det!» Dei så gjorde.

21. Og han gjekk ut til kjelda som vatnet kom frå, kasta salt nedi og sa: «Så seier Herren: No gjer eg dette vatnet friskt. Det skal aldri meir valda død eller øydeleggja avling.»

22. Sidan har vatnet vore friskt, heilt til denne dag. Det gjekk som Elisja sa.

23. Frå Jeriko fór profeten opp til Betel. Medan han var på vegen, kom det nokre smågutar ut or byen. Dei gjorde narr av han og ropa: «Kom deg vekk, din snauskalle! Kom deg vekk, din snauskalle!»

24. Då snudde han seg, såg på dei og forbanna dei i Herrens namn. Brått kom det to bjørnar ut or skogen, og dei reiv i hel førtito av borna.

25. Frå Betel gjekk Elisja til Karmel-fjellet og så attende til Samaria.

»