Andre Kongebok 23 N78NN
1. Då sende kongen bod etter alle dei eldste i Juda og Jerusalem, og dei samla seg hjå han.
2. Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle Juda-mennene og Jerusalems-buane fylgde han: prestane og profetane og heile folket, både store og små. Og han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som dei hadde funne i Herrens hus.
3. Så steig kongen fram til søyla og gjorde ei pakt for Herrens åsyn: Folket skulle fylgja Herren og halda hans bod, lovbod og føresegner av heile sitt hjarta og heile sin hug. Alle dei paktord som var skrivne i denne boka, skulle dei halda. Og heile folket gjekk med i pakta.
4. Sidan baud kongen overpresten Hilkia, dei prestane som var nest etter han, og dørvaktarane at dei skulle ha bort frå Herrens tempel alle dei tinga som var laga for Ba’al og Asjera og heile himmelhæren. Han brende dei utanfor Jerusalem, i Kedron-bakkane, og oska tok han med til Betel.
5. Josjia sette av dei avgudsprestane som Juda-kongane hadde sett inn, både dei som ofra på haugane i Juda-byane og rundt ikring Jerusalem, og dei som ofra til Ba’al, til sola, månen og bileta i dyrekrinsen og til heile himmelhæren.
6. Han tok Asjera-pålen ut or Herrens hus og førte han frå Jerusalem til Kedron-dalen. Der brende han pålen og knuste han til støv; og støvet strøydde han på gravene åt småkårsfolk.
7. Han reiv ned husa der dei heldt til, dei mennene som dreiv tempelutukt i Herrens hus, og dei kvinnene som vov telt til Asjera.
8. Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Haugane der dei hadde ofra, gjorde han ureine, heilt frå Geba til Be’er-Sjeba. Han reiv òg ned haugane der dei hadde dyrka vonde ånder, dei haugane som låg utmed porten åt Josva, byhovdingen, til venstre når ein går inn gjennom hovudporten.
9. Dei som hadde vore prestar på haugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyrt brød saman med brørne sine.
10. Josjia gjorde Tofet i Hinnom-dalen ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.
11. Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod attmed inngangen til Herrens hus, ikkje langt frå det romet som hoffmannen Natan-Melek hadde ut mot føregarden. Og solvognene brende han.
12. Kongen reiv ned altara som stod på taket over høgsalen åt Akas, dei som Juda-kongane hadde reist. Det same gjorde han med dei altara som Manasse hadde bygt i begge føregardane til Herrens hus. Han slo dei sund på staden og kasta støvet ned i Kedron-dalen.
13. Dei offerhaugane som låg austanfor Jerusalem, sør for Tyningsfjellet, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels-kongen, som hadde bygt dei for Astarte, den ufyselege gudinna åt folket i Sidon, for Kamosj, den ufyselege guden åt moabittane, og for Milkom, styggedomen åt ammonittane.
14. Josjia slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Staden der dei hadde stått, fylte han med menneskebein.
15. I Betel reiv han ned altaret og offerhaugen som Jeroboam Nebatsson hadde bygt, han som fekk Israel til å synda. Både altaret og haugen vart jamna med jorda. Så knuste han steinane til støv og brende Asjera-pålen.
16. Då Josjia snudde seg, fekk han auga på gravene som var der i fjellet. Han sende folk av stad for å ta beina ut or gravene. Så brende han dei på altaret, og såleis gjorde han altaret ureint. Det gjekk som Herren hadde sagt, og som han hadde ropa ut, den gudsmannen som kunngjorde dette.
17. Så spurde kongen: «Kva er det for ein gravstein eg ser der borte?» Mennene i byen svara: «Det er grava åt den gudsmannen som kom frå Juda og varsla det som du no har gjort med altaret her i Betel.»
18. Då sa kongen: «Lat han kvila i fred! Ingen må flytta beina hans.» Så lét dei beina hans vera, og like eins beina åt den profeten som var komen frå Samaria.
19. I byane i Samaria rudde Josjia bort alle offerhaughusa som kongane i Israel hadde bygt og såleis eggja Herren til harme. Han gjorde i alle måtar så med dei som han hadde gjort i Betel.
20. Alle offerhaugprestane som fanst der, drap han ved altara, og han brende menneskebein på dei. Så fór han heim att til Jerusalem.
21. Sidan gav kongen heile folket denne føresegna: «Hald påske for Herren dykkar Gud, så som det står skrive i denne paktboka!»
22. Ei slik påskehelg hadde ikkje vorte halden sidan den tid då domarane styrte i Israel, ikkje så lenge det hadde vore kongar i Israel og Juda.
23. Det var fyrst i det attande styringsåret åt Josjia at dei heldt ei slik påskehelg for Herren i Jerusalem.
24. Josjia rudde ut åndemanarane og spåmennene, husgudane og avgudane og alle ufyselege gudebilete som var å sjå i Juda og Jerusalem. For han ville halda dei lovbod som stod skrivne i den boka presten Hilkia hadde funne i Herrens hus.
25. Det hadde aldri før vore nokon konge som Josjia. Ingen hadde på den måten vendt om til Herren av heile sitt hjarta og heile sin hug og av all si makt og halde alt det som Moselova krev. Og sidan stod det heller ikkje fram nokon konge som han.
26. Likevel gav ikkje Herren opp den store vreiden og harmen sin som brann i han mot Juda, fordi Manasse hadde såra og harma Gud med så mange synder.
27. Difor sa Herren: «Eg vil støyta Juda òg bort frå mitt åsyn, liksom eg støytte bort Israel. Eg vil vraka Jerusalem, den byen eg valde ut, og det huset som eg sa at namnet mitt skulle bu i.»
28. Det som elles er å seia om Josjia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
29. I hans dagar gjorde farao Neko, kongen i Egypt, ei hærferd mot assyrarkongen – til Eufrat. Kong Josjia drog ut imot han, men Neko drap han ved Megiddo med det same han fekk sjå han.
Kongane Joakas og Jojakim30. Mennene til Josjia køyrde den falne kongen bort frå Megiddo. Dei førte han til Jerusalem og gravla han der. Så tok folket i landet og salva Joakas, son til Josjia, og gjorde han til konge etter faren.
31. Joakas var tjuetre år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.
32. Joakas gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som fedrane hans hadde gjort.
33. Farao Neko tok han til fange i Ribla i Hamat-landet, så han ikkje kunne styra i Jerusalem lenger. Og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull.
34. Så sette farao Neko Eljakim, son åt Josjia, til konge etter far hans og endra namnet hans til Jojakim. Joakas tok han med seg til Egypt, og der døydde han.
35. Jojakim betalte sølvet og gullet til farao. Men han laut leggja ein skatt på landet, så han kunne greia den summen farao kravde. Han dreiv inn sølvet og gullet hjå folket i landet alt etter som kvar var ilikna, og gav det så til farao Neko.
36. Jojakim var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Sebuda og var dotter til Pedaja frå Ruma.
37. Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som fedrane hans hadde gjort.