Andre Kongebok 24 N11NN
1. I Jojakims dagar drog kong Nebukadnesar av Babel i krig, og Jojakim måtte gje seg under han i tre år. Men så gjorde Jojakim opprør mot han.
2. Då sende Herren røvarflokkar imot han, kaldearar, aramearar, moabittar og ammonittar. Han sende dei mot Juda for å gjera ende på folket. For så lydde ordet Herren hadde tala gjennom tenarane sine, profetane.
3. Det som hende med Juda, var heilt etter Herrens ord. Slik ville han støyta dei bort frå sitt andlet på grunn av alle dei syndene Manasse hadde gjort.
4. Han lét så mykje uskuldig blod renna at heile Jerusalem vart fylt med blod. Og det ville Herren ikkje tilgje.
5. Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
6. Jojakim gjekk til kvile hos fedrane sine, og son hans, Jojakin, vart konge etter han.
Nebukadnesar tek Jerusalem7. Kongen i Egypt drog no ikkje ut frå landet sitt meir, for kongen av Babel hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til elva Eufrat.
8. Jojakin var atten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem.
9. Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt slik far hans hadde gjort.
10. På den tid drog mennene til kong Nebukadnesar av Babel opp mot Jerusalem, og byen vart kringsett.
11. Nebukadnesar kom sjølv til byen medan mennene hans heldt han kringsett.
12. Då gav Juda-kongen Jojakin seg over til kongen av Babel saman med mor si og tenarane sine, stormenn og hoffmenn. Og kongen av Babel tok han til fange i det åttande styringsåret sitt.
13. Nebukadnesar førte bort alle skattane i Herrens hus og i kongeborga og braut gullet av alt det utstyret som Israels konge Salomo hadde fått laga til Herrens tempel. Det gjekk som Herren hadde sagt.
14. Han førte bort alt folket i Jerusalem, alle stormennene og rikmennene, ti tusen fangar i alt, og alle handverkarane og smedane. Berre dei fattigaste i landet vart att.
15. Jojakin førte han i eksil til Babel. Mor til kongen og konene hans, hoffmennene og dei mektigaste mennene i landet vart òg bortførte frå Jerusalem til Babel.
16. Rikmennene, sju tusen i talet, handverkarane og smedane, eitt tusen i talet, som alle var øvde krigarar, vart førte i eksil til Babel av kongen der.
17. Kongen av Babel gjorde Mattanja, onkel til Jojakim, til konge etter han og endra namnet hans til Sidkia.
18. Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.
19. Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt som Jojakim hadde gjort.
Juda-riket går under20. Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde, og til sist kasta han dei bort frå sitt andlet. Sidkia gjorde opprør mot kongen av Babel.