Andre Samuelsbok 15 N78NN
1. Då det leid av ei tid, fekk Absalom seg vogn og hestar og ein flokk på femti mann som sprang føre han.
2. Om morgonen gjekk han ofte tidleg ut og stod attmed vegen til porten. Og kvar gong det kom ein mann som hadde ei sak han ville leggja fram for kongen og få dom i, kalla Absalom han til seg og spurde: «Kva by er du frå?» Når mannen så svara: Tenaren din er frå den eller hi av Israels-ættene,
3. sa Absalom til han: «Saka di er både god og rett, men hjå kongen finst det ingen som høyrer på deg.»
4. Og så sa han: «Gjev dei ville setja meg til domar i landet! Då kunne alle som hadde ei trette eller sak, koma til meg, og eg skulle hjelpa dei til å få sin rett.»
5. Når nokon kom bort og ville kasta seg ned for han, rette han ut handa, reiste han opp og kyste han.
6. Så gjorde Absalom med alle israelittar som kom til kongen og ville få dom i ei sak, og på den måten stal han hjarta åt Israels-mennene.
7. Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: «Lat meg få fara til Hebron og gjera det eg har lova Herren!
8. For då eg budde i Gesjur i Aram, gav eg denne lovnaden: Lèt Herren meg få koma heim att til Jerusalem, vil eg ofra til han.»
9. Kongen svara: «Far i fred!» Så gjorde Absalom seg ferdig og fór til Hebron.
10. Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israels-ættene med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!»
11. Saman med Absalom drog det to hundre mann som var bedne med frå Jerusalem. Dei fylgde med i god tru og visste ikkje om noko.
David rømer frå Jerusalem12. Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Akitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som då var heime i Gilo, fedrebyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.
13. Det kom ein mann med bod til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hugen sin til Absalom.»
14. Då sa David til alle dei mennene han hadde hjå seg i Jerusalem: «Kom, lat oss røma! På annan måte kan vi ikkje berga oss for Absalom. Skunda dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og drep folket i byen med sverd.»
15. Kongsmennene svara: «Som du vil, herre konge! Vi er tenarane dine.»
16. Så tok kongen ut og alt husfolket hans med han. Berre ti fylgjekoner lét han vera att; dei skulle sjå etter huset.
17. Heile hæren fylgde kongen då han drog ut. Dei stogga ved det siste huset.
18. Alle kongsmennene stod attmed han medan livvakta og alle dei seks hundre mennene som hadde fylgt han frå Gat, gjekk framom.
19. Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Far attende og ver hjå den nye kongen! For du er framand her og endåtil bortført frå heimstaden din.
20. Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje eingong kvar eg skal gjera av meg. Snu om, og ta landsmennene dine med deg attende. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»
21. Men Ittai svara: «Så sant Herren lever, og så sant du lever, herre konge: Der du er, herre konge, der vil eg òg vera, anten det ber til liv eller død.»
22. Då sa David til Ittai: «Gå framom du òg!» Så gjekk Ittai frå Gat framom med alle mennene sine og med alle kvinnene og borna som dei hadde med seg.
23. Alt folket gret høgt då hæren fór framom. Kongen stod nedmed Kedron-bekken, og hæren gjekk framom han langs vegen ut mot øydemarka.
24. Best det var, kom Sadok og alle levittane, som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer til heile hæren hadde fare ut or byen.
25. Men kongen sa til Sadok: «Før Guds paktkiste attende til byen. Har Herren godvilje for meg, lèt han meg koma heim att, så eg får sjå både paktkista og staden der ho står.
26. Men seier han: Eg har ikkje hugnad i deg, då får han gjera med meg som han synest best.»
27. Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Du og Abjatar skal roleg fara attende til byen, og Akima’as, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk.
28. Eg skal venta attmed vadestadene i øydemarka til det kjem melding frå dykk.»
29. Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste attende til Jerusalem, og der vart dei verande.
30. Men David gjekk gråtande oppetter Oljeberget; han hadde drege kappa for andletet og var berrføtt. Alle som var med han, hadde sveipt til hovudet og gjekk gråtande oppetter.
31. David fekk høyra at Akitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Akitofels planar til inkjes!»
32. Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom Husjai av Arak-ætta imot han med sundriven kappe og mold på hovudet.
33. David sa til han: «Fer du saman med meg, vert du berre til bry for meg.
34. Men går du attende til byen, kan du gjera Akitofels planar til inkjes for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg.
35. Der har du prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongsgarden, skal du seia frå om til dei.
36. Begge sønene deira, Akima’as, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.»
37. Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen.