Andre Samuelsbok 20 N78NN
1. No var det eit illmenne der som heitte Sjeba Bikrison og høyrde Benjamins-ætta til. Han bles i hornet og ropa: «Vi har ingen del i David, ingen lut i Isai-sonen. Heim att, kvar til seg, Israel!»
2. Då skilde alle israelittane lag med David og fylgde Sjeba Bikrison. Men judearane heldt seg til kongen sin og fylgde han frå Jordan til Jerusalem.
3. Då David kom heim til Jerusalem, tok han dei ti fylgjekonene som han hadde late vera att for å sjå etter huset, og sette dei under vakt i eit hus for seg sjølve. Han sytte for det dei trong, men han låg ikkje med dei. Der sat dei innestengde til sin døyande dag og levde som om dei var enkjer.
4. Sidan sa kongen til Amasa: «Kall saman judearane innan tre dagar, og møt sjølv fram her!»
5. Amasa drog av stad og kalla saman judearane, men han trong meir tid enn kongen hadde fastsett.
6. Då sa David til Abisjai: «No kjem Sjeba Bikrison til å skapa større vanskar for oss enn Absalom. Ta med deg mennene mine og set etter han før han når fram til nokon av festningsbyane og slepp frå oss!»
7. Så drog Abisjai ut med alle mennene til Joab, med livvakta og alle krigarane. Dei tok ut frå Jerusalem og ville setja etter Sjeba Bikrison.
8. Då dei var komne til den store steinen ved Gibeon, kom Amasa imot dei. Joab bar våpenkappe, og utanpå kappa hadde han eit belte. Til beltet var det fest ei slire med sverd i. Det glei ut og datt ned.
9. Joab sa til Amasa: «Står det bra til med deg, bror?» og tok med høgre handa kring skjegget hans som om han ville kyssa han.
10. Men Amasa tok seg ikkje i vare for sverdet som Joab hadde i den andre handa. Joab stakk han i magen, så innvolen rann ut på marka, og han døydde straks av det eine stikket. Så sette Joab og Abisjai, bror hans, etter Sjeba Bikrison.
11. Men ein av mennene til Joab vart ståande attmed Amasa og ropa: «Fylg Joab, alle som held med han og høyrer til Davids menn!»
12. Amasa låg på landevegen medan blodet flaut ikring han. Då mannen såg at alt folket stogga der, flytte han Amasa frå vegen bort på marka og kasta ei kappe over han; for alle som kom framom, såg han og stogga.
13. Då mannen hadde fått Amasa bort frå vegen, gjekk alle framom og fylgde Joab medan han jaga Sjeba Bikrison.
14. Sjeba fór gjennom alle Israels-ættene til Abel-Bet-Ma’aka. Alle mennene i Bikri-ætta samla seg og fylgde han dit.
15. Så kom Joab og Abisjai og kringsette han i Abel-Bet-Ma’aka. Dei kasta opp ein voll, som nådde bort til den ytre bymuren. Og heile hæren som var med Joab, gjekk laus på muren og ville få han til å falla.
16. Då var det ei klok kone som ropa frå byen: «Høyr her! Høyr her! Bed Joab koma nærare, så eg får tala med han.»
17. Då gjekk han bort til henne, og kona spurde: «Er du Joab?» «Ja,» svara han. Ho sa til han: «Høyr kva tenestkvinna di har å seia.» «Eg høyrer,» svara han.
18. Då sa kona: «I gamle dagar sa folk: Gå og spør deg føre i Abel – og så var saka avgjord.
19. Vi er av dei trufaste og fredsæle i Israel. Men du prøver å gjera ende på ein by, ei mor i Israel. Kvifor vil du øyda Herrens eigedom?»
20. Joab svara: «Nei, eg vil på ingen måte øyda eller herja.
21. Det har seg ikkje så. Men ein mann frå Efraims-fjella, som heiter Sjeba og er son til Bikri, har lyft handa mot kong David. Lat meg berre få tak i han, så skal eg dra bort frå byen.» Då sa kona: «Du skal få sjå at dei kastar hovudet hans ut til deg over muren.»
Embetsmennene til David22. Så gjekk kona til folket i byen med det kloke rådet sitt. Og dei hogg hovudet av Sjeba Bikrison og kasta det ut til Joab. Då bles han i hornet, og mennene drog bort frå byen og fór heim, kvar til seg. Sjølv fór Joab attende til Jerusalem, til kongen.
23. Joab var hovding over heile Israels-hæren, og Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta.
24. Adoram hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar.
25. Sjeja var riksskrivar, og Sadok og Abjatar var prestar.
26. Ira av Ja’ir-ætta var òg prest hjå David.