Andre Samuelsbok 22 N78NN
1. Då Herren hadde fria David frå alle fiendane hans og frå Saul, kvad han denne songen for Herren.
2. Han sa: Herren er mitt berg og mi borg, ¬min utfriar,
3. min Gud, mitt fjell ¬som eg flyr til. Han er mitt skjold, ¬mitt frelsehorn og mitt vern, mi livd, min hjelpar ¬som friar meg frå vald.
4. Eg kallar på Herren, ¬han som får lovsong, og eg vert frelst ¬frå mine fiendar.
5. Dødens brotsjøar ¬braut ikring meg, undergangsstraumane ¬skræmde meg.
6. Helheims reip ¬snørte seg om meg, dødens snarer låg i min veg.
7. Då kalla eg på Herren ¬i mi naud og ropa til min Gud. Han høyrde mi røyst ¬frå sitt tempel, til hans øyra nådde mitt rop.
8. Då skalv og riste jorda, himmelens grunnvollar skok, dei skalv fordi han var harm.
9. Røyk steig opp or hans nase, øydande eld or hans munn; gneistar og glør fór ut frå han.
10. Han senka himmelen ¬og steig ned med svarte skyer ¬under sine føter.
11. Sitjande på kjerubar flaug han, kom til synes ¬på vengene åt vinden.
12. Han gjorde mørkret til sitt telt, og kring seg hadde han ¬svarte, regntunge skyer.
13. Frå stråleglansen framføre han fór det ut gneistar og glør.
14. Herren torna frå himmelen, Den Høgste lét røysta si lyda.
15. Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar, han sende lyn og skræmde dei.
16. Rennene på havbotnen ¬kom til synes, grunnvollane under jorda ¬viste seg då Herren truga, ja, bles og fnyste av vreide.
17. Han rette ut si hand frå det høge ¬og greip meg, drog meg opp ¬or det djupe vatnet.
18. Han berga meg ¬frå min mektige fiende, frå motstandarar ¬som var meg for sterke.
19. Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen, men Herren var ei støtte ¬for meg.
20. Han førte meg ut i ope lende og fria meg ut, ¬for han har meg kjær.
21. Herren gjorde vel imot meg ¬for mi rettferd, han lønte meg ¬fordi mine hender var reine.
22. For eg hadde halde meg ¬til Herrens vegar og ikkje falle frå min Gud ¬i vondskap.
23. Alle hans lover ¬hadde eg for auga og veik ikkje av frå hans bod.
24. For han var eg heil i mi ferd og akta meg vel, ¬så eg ikkje synda.
25. Herren lønte meg for mi rettferd, då han såg at eg var rein.
26. Du er trufast ¬mot den som er trufast, heilhjarta ¬mot kvar heilhjarta krigar.
27. Du viser deg rein mot ¬den reine, men vrang mot den svikefulle.
28. Du frelser dei hjelpelause, men vender deg mot dei stolte ¬og audmykjer dei.
29. Ja, du er mitt ljos, Herre, Herren lyser opp i mitt mørker.
30. Med deg kan eg storma ¬mot ein krigarflokk, med Guds hjelp ¬kan eg springa over murar.
31. Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint. Han er eit skjold for alle som flyr til han.
32. For kven er Gud ¬forutan Herren, og kven er eit berg ¬om ikkje vår Gud?
33. Gud er mitt sterke vern; han gjer mi ferd ulastande.
34. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg stå på høgdene.
35. Han lærer opp mine hender ¬til strid, mine armar til å spenna ¬bronsebogen.
36. Du gjev meg di frelse til skjold, bøyer deg ned og gjer meg stor.
37. Du jamnar veg for mine steg, og mine okle er støe.
38. Eg jagar mine fiendar ¬og slettar dei ut, eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende på dei.
39. Eg gjer ende på dei ¬og rydjar dei ut, så dei ikkje kan reisa seg, men ligg under føtene mine.
40. Du rustar meg ¬med styrke til striden og tvingar mine motstandarar ¬i kne.
41. Du slår mine fiendar på flukt, eg rydjar ut dei som hatar meg.
42. Dei ser seg om, ¬men det er ingen som bergar, dei ropar til Herren, ¬han svarar dei ikkje.
43. Eg knuser dei ¬som støv på jorda, trør og trakkar dei ned ¬som avfall i gata.
44. Du berga meg ¬då folket mitt låg i strid, heldt meg oppe ¬som hovding over folkeslag. Folk eg ikkje kjende, ¬må tena meg;
45. framande kryp for meg, dei lyder berre dei høyrer ¬om meg.
46. Ja, dei framande er utmødde, skjelvande kjem dei ¬ut or sine borger.
47. Herren lever! ¬Mitt berg vere lova! Opphøgd vere den sterke Gud, ¬min frelsar.
48. Gud gjev meg hemn og legg folkeslag under meg.
49. Han friar meg frå mine fiendar, ja, lyfter meg høgt ¬over mine motstandarar og bergar meg frå valdsmenn.
50. Difor lovar eg deg ¬mellom folka, Herre, og prisar ditt namn med song.
51. Han gjev sin konge store sigrar, han er trufast ¬mot den han har salva, mot David og hans ætt ¬til evig tid.