Andre Samuelsbok 23 N11NN
1. Dette er Davids siste ord. Så seier David, son til Isai, så seier mannen som Gud har reist opp, han som er salva av Jakobs Gud, og som har dikta Israels songar:
2. Herrens Ande talar gjennom meg, hans ord er på mi tunge.
3. Israels Gud har tala, til meg har Israels berg sagt: «Den som styrer menneske med rettferd, den som rår med gudsfrykt,
4. er lik morgonlyset når sola går opp ein morgon med skyfri himmel; gjennom solskin og regn lèt det graset gro fram or jorda.»
5. Slik har mitt hus det med Gud. For han har gjort ei evig pakt med meg, vel ordna og trufast halden. Ja, alt som tener til mi frelse, alt eg ønskjer, lèt han gro fram.
6. Men dei vonde er alle lik tornekvister ein kastar bort, ingen tek dei i hendene.
Davids krigarar7. Ingen kjem nær dei utan med jern og spydskaft. Der dei står, blir dei brende opp med eld.
8. Dette er namna på krigsheltane til David: Josjeb-Basjebet av Hakmon-slekta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over åtte hundre falne på ein gong.
9. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Ahoah. Han var ein av dei tre heltane som var med David ved Pas-Dammim då filistrane hadde samla seg til kamp der. Israelittane drog seg tilbake,
10. men han heldt ut og hogg ned filistrar til handa hans vart så stiv at ho hang fast i sverdet. Den dagen lét Herren israelittane vinna ein stor siger. Og då hæren snudde og følgde Elasar, kunne dei berre plyndra dei falne.
11. Etter han kom Sjamma, son til Age frå Harar. Ein gong hadde filistrane samla seg ved Lehi. Det var ein tett linseåker der, og då israelittane rømde for filistrane,
12. stilte Sjamma seg midt i åkeren og verna han. Han hogg laus på filistrane, og Herren lét han vinna ein stor siger.
13. Ein gong då det leid mot skurdonna, fór tre av dei tretti hovdingane ned til David, som var i hòla ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa'im-dalen.
14. David heldt den gongen til i fjellborga, og forposten til filistrane låg ved Betlehem.
15. Då vart David svært tørst og sa: «Kven vil henta vatn til meg frå brønnen ved byporten i Betlehem?»
16. Dei tre heltane braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brønnen ved byporten i Betlehem og kom til David med det. Men han ville ikkje drikka. Han auste det ut for Herren
17. og sa: «Herren fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet av dei mennene som våga livet sitt?» Og han ville ikkje drikka det. – Dette gjorde dei tre heltane.
18. Abisjai, bror til Joab og son til Seruja, var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.
19. Han var høgt akta mellom dei tretti og vart leiaren deira, men han kom ikkje opp mot dei tre.
20. Benaja, son til Jojada, frå Kabseel var ein modig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to sønene til Ariel frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brønn og drap ei løve.
21. Han felte òg ein kjempestor egyptar. Egyptaren hadde eit spyd i handa, men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut av handa hans og drap han med hans eige spyd.
22. Dette gjorde Benaja, son til Jojada, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigsheltane.
23. Han var høgt akta mellom dei tretti, men kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.
24. Til dei tretti høyrde Asael, bror til Joab; Elhanan, son til Dodo, frå Betlehem;
25. Sjamma frå Harod; Elika frå Harod;
26. Heles frå Pelet; Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa;
27. Abieser frå Anatot; Mebunnai frå Husja;
28. Salmon frå Ahoah; Mahrai frå Netofa;
29. Heleb, son til Baana, frå Netofa; Ittai, son til Ribai, frå Gibea i Benjamin;
30. Benaja frå Piraton; Hiddai frå Gaasj-dalane;
31. Abi-Albon frå Bet-Araba; Asmavet frå Bahurim;
32. Eljahba frå Sjaalbon; Jasjen-sønene; Jonatan;
33. Sjamma frå Harar; Ahiam, son til Sjarar, frå Harar;
34. Elifelet, son til Ahasbai, frå Maaka; Eliam, son til Ahitofel, frå Gilo;
35. Hesro frå Karmel; Paarai frå Arab;
36. Jigal, son til Natan, frå Soba; Bani frå Gad;
37. Selek frå Ammon; Nahrai frå Beerot, våpenberaren til Joab, son til Seruja;
38. Ira frå Jattir; Gareb frå Jattir;
39. hetitten Uria. Det var i alt trettisju mann.