Logo
🔍

Andre Samuelsbok 9 N11NN

« David og Mefibosjet

1. David spurde: «Finst det enno nokon att av Sauls hus? Då vil eg gjera godt mot han for Jonatans skuld.»

2. Det var ein tenar frå Sauls hus som heitte Siba. Han vart kalla fram for David, og kongen spurde han: «Er du Siba?» «Til teneste», svara han.

3. Då spurde kongen: «Er det ikkje ein einaste att av Sauls hus som eg kan gjera godt mot i Guds namn?» Siba svara kongen: «Ein av sønene til Jonatan lever enno. Han er lam i føtene.»

4. «Kvar er han?» spurde kongen. Siba svara: «Han er heime hos Makir, son til Ammiel, i Lo-Debar.»

5. Då sende kong David bod og henta han heime hos Makir, son til Ammiel, i Lo-Debar.

6. Då Mefibosjet, son til Jonatan, son til Saul, kom inn til David, kasta han seg ned med andletet mot jorda. David sa: «Mefibosjet!» Han svara: «Her er tenaren din.»

7. David sa til han: «Ver ikkje redd! For eg vil gjera godt mot deg for far din, Jonatan, si skuld. Du skal få att all jord som Saul, far din, eigde. Og du skal alltid eta ved mitt bord.»

8. Då bøygde han seg igjen og sa: «Kva er vel eg, tenaren din? Kvifor bryr du deg om ein daud hund som meg?»

9. Kongen kalla på Siba, tenaren til Saul, og sa til han: «Alt det som har høyrt Saul og heile hans hus til, gjev eg son til herren din.

10. Men du og sønene dine og tenarane dine skal dyrka jorda og hausta inn for han. Det skal Mefibosjet, son til herren din, leva av, og han skal alltid eta ved mitt bord.» Siba hadde femten søner og tjue tenarar.

11. Han svara kongen: «Alt det min herre kongen byd tenaren sin, skal eg gjera.» Sidan åt Mefibosjet ved Davids bord som om han var ein av sønene til kongen.

12. Mefibosjet hadde ein liten son som heitte Mika. Alle som budde i huset til Siba, var tenarar for Mefibosjet.

13. Mefibosjet sjølv vart buande i Jerusalem, for han åt alltid ved kongens bord. Han var lam i begge føtene.

»