Apostlenes gjerninger 2 N78NN
1. Då pinsedagen kom, var dei alle samla.
2. Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i.
3. Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei.
4. Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.
5. I Jerusalem budde det mange jødar, fromme menn som var komne frå alle land på jorda.
6. Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor mengd, og dei vart heilt rådville; for kvar høyrde at dei tala på hans eige mål.
7. Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?
8. Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål –
9. partarar og medarar og elamittar, folk frå Mesopotamia, Judea og Kappadokia, frå Pontos og Asia,
10. Frygia og Pamfylia, frå Egypt og Libya-landet bort imot Kyréne,
11. jødar og slike som har gått over til jødedomen og har flytt hit frå Roma, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»
12. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»
Peters tale og den fyrste kyrkjelyden13. Men nokre spotta og sa: «Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!»
14. Då steig Peter fram saman med dei elleve, tok til ords og tala til dei: Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Lat meg få seia dykk kva dette er. Lyd vel etter orda mine!
15. Desse mennene er ikkje drukne, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen.
16. Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:
17. I dei siste dagar skal det henda, ¬seier Gud, at eg renner ut min Ande ¬over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar ¬skal tala profetord, dei unge mennene ¬skal sjå syner, og dei gamle mellom dykk ¬skal ha draumar.
18. Jamvel over trælane ¬og trælkvinnene mine vil eg renna ut min Ande ¬i dei dagar, og dei skal tala profetisk.
19. Eg lèt teikn syna seg ¬oppe på himmelen og teikn nede på jorda: blod og eld og røykskyer.
20. Sola skal mørkjast og månen verta som blod, før Herrens dag kjem, ¬den store og strålande.
21. Og kvar den som kallar ¬på Herrens namn, skal verta frelst.
22. Høyr desse ord, de israelittar! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn, som Gud lét han gjera mellom dykk, og som de kjenner til.
23. Han vart gjeven i dykkar hand så som Gud føreåt hadde fastsett og visste om, og de lét menn som ikkje kjenner Guds lov, nagla han til krossen og drepa han.
24. Men Gud reiste han opp att og lét døden gje han frå seg. Døden kunne ikkje halda på han.
25. For David seier om han: Alltid hadde eg augo vende ¬mot Herren, for han er ved mi høgre side, så eg ikkje skal rikkast.
26. Difor var det glede i mitt hjarta og jubel på mi tunge, ja, jamvel lekamen ¬skal bu med von.
27. ¬For du skal ikkje la mi sjel verta verande i dødsriket og ikkje la din Heilage ¬gå til grunne.
28. Du har lært meg livsens vegar, og du skal fylla meg med glede ¬for ditt åsyn.
29. Brør, lat meg tala ope og endefram til dykk om David, ættefaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hjå oss den dag i dag.
30. Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja ein av hans eigne etterkomarar på kongsstolen hans.
31. Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle verta verande i dødsriket, og det var lekamen hans som ikkje skulle gå til grunne.
32. Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om.
33. Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Faderen Den Heilage Ande, som var lova, og den har han rent ut. Det er dette de ser og høyrer.
34. For David fór ikkje opp til himmelen; men han seier: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand
35. til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter!
36. Så skal heile Israels-folket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias.
37. Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: «Kva skal vi gjera, brør?»
38. Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve.
39. For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.»
40. Med andre ord òg vitna han for dei, og han formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætta!»
41. Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden.
42. Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene.
43. Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.
44. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.
45. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.
46. Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen; i heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede.
47. Dei lova Gud og var godt lika av alt folket. Og Herren la dagleg til kyrkjelyden dei som lét seg frelsa.