Apostlenes gjerninger 4 N78NN
1. Medan dei tala til folket, kom brått prestane bortåt saman med hovdingen for tempelvakta og saddukearane.
2. Dei var harme fordi dei lærte folket og forkynte at dei døde skal stå opp, og viste til det som hadde hendt med Jesus.
3. Dei greip dei og sette dei i fengsel til dagen etter; for det var alt seine kvelden.
4. Men mange av dei som hadde høyrt bodskapen, kom til tru, og talet på menn steig til ikring fem tusen.
5. Dagen etter samla dei jødiske rådsherrane seg i Jerusalem saman med dei eldste og dei skriftlærde.
6. Øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var i slekt med øvstepresten.
7. Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Kva for kraft og kva for namn gav dykk makt til å gjera dette?»
8. Då vart Peter fylt av Den Heilage Ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket!
9. Når vi i dag vert forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt,
10. då skal de alle og heile Israels-folket vita: Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde.
11. Han er den steinen som de bygningsmenn vraka, men som har vorte hjørnestein.
12. Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.»
13. Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei drog kjensel på dei, at dei hadde vore i lag med Jesus.
14. Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å leggja imot.
15. Dei sende dei ut or rettssalen og samrådde seg med kvarandre:
16. «Kva skal vi gjera med desse mennene? Dei har gjort eit openbert under; det er klårt for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta.
17. Men dette må ikkje koma ut mellom folk; difor vil vi truga dei og seia at dei ikkje må tala til noko menneske meir i dette namnet.»
18. Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og læra i Jesu namn.
19. Men Peter og Johannes svara: «Døm sjølve om det er rett for Gud å lyda dykk meir enn han.
20. Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.»
21. Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, av di alt folket lova Gud for det som hadde hendt.
Bøn og samhald i kyrkjelyden22. Han var då meir enn førti år den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet.
23. Som dei no var frie, gjekk dei til sine eigne og fortalde kva overprestane og dei eldste hadde sagt.
24. Då dei andre høyrde det, vende dei seg alle samhuga i bøn til Gud og sa: «Herre, du som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er,
25. du tala ved Den Heilage Ande gjennom tenaren din, David, far vår, og lét han seia: Kvifor rasa folkeslaga? Kvifor la folka ¬gagnlause planar?
26. Kongane på jorda reiste seg, og fyrstane slo seg saman mot Herren ¬og den han har salva.
27. Ja, det skal vera visst: I denne byen slo dei seg saman mot Jesus, din heilage tenar, han som du salva, både Herodes og Pontius Pilatus saman med heidningane og Israels ætter,
28. og gjorde det som du i di makt og etter din plan hadde fastsett.
29. Og no, Herre, hald auga med trugsmåla deira, og lat tenarane dine forkynna ditt ord med frimod!
30. Rett ut di hand til å lækja og gjera teikn og under i namnet åt Jesus, din heilage tenar!»
31. Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den Heilage Ande og tala Guds ord med frimod.
32. Heile flokken av truande var eitt i hjarta og hug, og ingen kalla det han åtte for sitt eige; dei hadde alt i lag.
33. Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var oppstaden, og stor nåde var over dei alle.
34. Ingen av dei leid naud; for dei som åtte jord eller hus, selde det og kom med pengane
35. og la dei for føtene åt apostlane. Sidan fekk kvar einskild tiletla det han trong.
36. Det var ein mann frå Kypros, ein levitt som heitte Josef. Av apostlane hadde han fått tilnamnet Barnabas – det tyder trøystarsonen.
37. Han åtte ein åker; den selde han og kom med pengane og la dei fram for apostlane.