Logo
🔍

Profeten Amos 1 N11NN

Dom over grannefolka

1. Ord av Amos, ein sauebonde frå Tekoa, det han såg om Israel i dei dagane då Ussia var konge i Juda og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.

2. Han sa: Herren brøler frå Sion, frå Jerusalem ljomar røysta hans. Beitemarkene til gjetarane skal sørgja, Karmels topp skal tørka.

3. Så seier Herren: Tre ugjerningar av Damaskus, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei treskte Gilead med jerntaggar.

4. Eg sender eld mot Hasaels hus, han skal øyda Ben-Hadads borger.

5. Eg bryt sund portbommen i Damaskus, ryddar ut han som tronar i Aven-dalen, og han som ber septer i Bet-Eden. Folket i Aram skal i eksil til Kir, seier Herren.

6. Så seier Herren: Tre ugjerningar av Gaza, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei dreiv alle i eksil og gav dei over til Edom.

7. Eg sender eld mot muren kring Gaza, han skal øyda borgene hennar.

8. Eg ryddar ut han som tronar i Asjdod, og han som ber septer i Asjkalon. Eg lyfter handa mot Ekron, og resten av filistrane skal gå til grunne, seier Herren Gud.

9. Så seier Herren: Tre ugjerningar av Tyros, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei gav over til Edom alle som dei dreiv i eksil, dei kom ikkje pakta mellom brør i hug.

10. Eg sender eld mot muren kring Tyros, han skal øyda borgene der.

11. Så seier Herren: Tre ugjerningar av Edom, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei jaga brørne sine med sverd, dei viste inga miskunn. Dei heldt alltid fast på sin harme, vreiden vakta dei i det endelause.

12. Eg sender eld mot Teman, han skal øyda borgene i Bosra.

13. Så seier Herren: Tre ugjerningar av ammonittane, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei skar opp gravide i Gilead og utvida grensene sine.

14. Eg set fyr på muren kring Rabba, eld skal øyda borgene der under kampropa på stridens dag, i stormen på uvêrsdagen.

15. Då skal kongen deira gå i eksil saman med stormennene, seier Herren.

»