Logo
🔍

Profeten Amos 1 N78NN

Domen over grannefolka

1. Dette er dei orda som Amos, ein av gjætarane frå Tekoa, fekk i syner om Israel. Det var på den tid då Ussia var konge i Juda, og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.

2. Han sa: Herren skal torna frå Sion, la røysta si ljoma frå Jerusalem. Då skal beitemarkene ¬åt gjætarane stura og alt turka bort ¬på Karmels topp.

3. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Damaskus har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei har treskt Gilead med jernslegne sledar.

4. Men eg sender eld ¬mot Hasaels hus, han skal øyda ¬Benhadads borger.

5. Eg bryt sund ¬portbommen i Damaskus, rydjar ut dei ¬som bur i Aven-dalen, og han som ber kongsstav ¬i Bet-Eden. Og folket i Aram ¬skal førast til Kir, seier Herren.

6. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Gasa har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei førte bort alle dei hadde teke til fange, og gav dei i Edoms vald.

7. Men eg sender eld ¬mot muren kring Gasa, han skal øyda borgene i byen.

8. Eg rydjar ut dei ¬som bur i Asjdod, og han som ber kongsstav ¬i Asjkalon. Eg vender mi hand mot Ekron, og resten av filistarane ¬skal gå til grunne, seier Herren Gud.

9. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Tyrus har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For alle dei hadde teke ¬til fange, gav dei i Edoms vald; dei kom ikkje brorskapspakta ¬i hug.

10. Men eg sender eld ¬mot muren kring Tyrus, han skal øyda borgene i byen.

11. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Edom har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei forfylgde sine brør ¬med sverd og viste ikkje medkjensle. Dei heldt alltid fast ¬på sin vreide og gav aldri opp sin harme.

12. Men eg sender eld mot Teman, han skal øyda borgene i Bosra.

13. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬ammonittane har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei skar opp ¬svangre kvinner i Gilead då dei ville gjera ¬sine grenser vide.

14. Men eg kveikjer eld ¬mot muren kring Rabba, han skal øyda borgene i byen, medan hærrop lyder ¬på stridens dag, og stormen rasar ¬på uversdagen.

15. Då skal kongen deira ¬førast bort som fange saman med hovdingane sine, ¬seier Herren.

»