Logo
🔍

Profeten Amos 2 N11NN

«

1. Så seier Herren: Tre ugjerningar av Moab, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei brende Edom-kongens knoklar til kalk.

2. Eg sender eld mot Moab, han skal øyda borgene i Kerijot. Moab skal døy under krigslarm, under kamprop og hornstøytar.

Dom over Juda og Israel

3. Eg ryddar ut dommaren der og drep stormennene med, seier Herren.

4. Så seier Herren: Tre ugjerningar av Juda, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei forakta Herrens lov, dei heldt ikkje hans forskrifter. Løgner førte dei vill, løgner som fedrane følgde.

5. Eg sender eld mot Juda, han skal øyda borgene i Jerusalem.

6. Så seier Herren: Tre ugjerningar av Israel, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei sel den rettferdige for pengar, den fattige for eit par sandalar.

7. Dei trakkar hovudet til dei svake ned i støvet og trengjer hjelpelause bort frå vegen. Ein mann og far hans går til same jenta så mitt heilage namn blir vanhelga.

8. Dei breier seg på pantsette klede attmed kvart altar. Vin teken i bøter drikk dei i huset til sin Gud.

9. Men det var eg som rydda ut amorittane for dei, dei som var høge som sedrar og sterke som eiker. Eg øydela frukta oppe og røtene nede.

10. Det var eg som førte dykk opp frå Egypt og leidde dykk i øydemarka i førti år så de kunne ta amorittlandet.

11. Eg lét nokre av sønene dykkar stå fram som profetar og nokre unge menn som nasirearar. Er det ikkje slik, israelittar? seier Herren.

12. Men de skjenkte nasirearane vin og baud profetane: Tal ikkje profetord!

13. Sjå, eg lèt grunnen skaka under dykk som under ei vogn full av korn.

14. Den raske er ikkje i stand til å flykta, den sterke kan ikkje bruka si kraft, og helten bergar ikkje livet.

15. Bogeskyttaren held ikkje stand, den som er lett på foten, kjem seg ikkje unna, og ryttaren bergar ikkje livet.

16. Den djervaste helten skal rømma naken den dagen, seier Herren.

»