Logo
🔍

Profeten Amos 2 N78NN

«

1. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Moab har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei brende Edom-kongens ¬bein til kalk.

2. Men eg sender eld mot Moab, han skal øyda borgene ¬i Kerijot. Moabittane skal døy ¬i stridsgny, medan hærrop lyder ¬og horn gjallar.

Domen over Juda og Israel

3. Eg rydjar ut han ¬som styrer i landet, og drep alle hovdingar ¬saman med han, seier Herren.

4. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Juda har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei vanvørde Herrens lov og heldt ikkje ¬hans føreskrifter, men lét seg føra vilt ¬av lygngudane, som fedrane deira hadde fylgt.

5. Men eg sender eld mot Juda, han skal øyda borgene ¬i Jerusalem.

6. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Israel har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei sel rettferdige ¬for pengar og fattigfolk for eit par skor.

7. Dei trakkar småkårsfolks hovud ¬i støvet og trengjer dei hjelpelause ¬bort frå vegen. Ein mann og far hans ¬går til same jenta og vanhelgar såleis ¬mitt heilage namn.

8. Dei strekkjer seg ¬på pantsette klede attmed kvart altar, og vin som dei har teke i bøter, drikk dei i huset åt sin Gud.

9. Og det var då eg som rudde ut amorittane ¬for dei, dei som var høge som sedrar og sterke som eiker. Eg øydela frukta ovantil og røtene nedantil.

10. Det var eg ¬som førte dykk opp frå Egypt og leidde dykk i øydemarka ¬i førti år, så de kunne ta amorittlandet ¬i eige.

11. Eg gjorde nokre av sønene ¬dykkar til profetar og nokre av unggutane dykkar ¬til nasirearar. Er det ikkje så, de israelittar? lyder ordet frå Herren.

12. Men de gav nasirearane ¬vin å drikka og forbaud profetane ¬å forkynna.

13. Sjå, no lèt eg grunnen ¬skaka under dykk som under ei vogn full av korn.

14. Den lettføtte finn ikkje livd, den sterke får ikkje ¬bruka si kraft, og krigaren bergar ikkje sitt liv.

15. Bogeskyttaren held ¬ikkje stand, den som er lett på foten, ¬kjem ikkje unna, og ryttaren bergar ikkje livet.

16. Den djervaste av krigarane skal røma naken den dagen, lyder ordet frå Herren.

»