Logo
🔍

Profeten Amos 3 N11NN

« Utveljing og ansvar

1. Høyr dette ordet som Herren talar mot dykk, de israelittar, mot heile den slekta eg førte opp frå Egypt:

Profetkallet tvingar

2. Berre dykk ville eg kjennast ved mellom alle slektene på jorda. Difor vil eg straffa dykk for alle syndene dykkar.

3. Går vel to i lag utan å ha ein avtale?

4. Brøler vel løva i skogen utan å ha eit bytte? Knurrar ungløva i hòla utan å ha fanga noko?

5. Fell vel fuglen til jorda utan at ei felle er sett opp? Sprett snara frå marka utan at ho har fanga noko?

6. Gjallar hornet i byen utan at folket skjelv? Skjer det ei ulukke i byen utan at Herren har gjort det?

7. Nei, Herren Gud gjer ikkje noko utan å openberra sitt løynde råd for tenarane sine, profetane.

Dom over Samaria

8. Løva brøler – kven blir ikkje redd? Herren Gud talar – kven blir ikkje profet?

9. Lat det høyrast over borgene i Asjdod og over borgene i Egypt, og sei: Kom saman på fjella kring Samaria! Sjå den store forvirringa hos henne og undertrykkinga i byen!

10. Dei veit ikkje å gjera det rette, seier Herren. Dei dyngjer opp vald og ran i borgene sine.

11. Difor seier Herren Gud: Fienden skal omringa landet, riva ned festninga di, borgene skal plyndrast.

12. Så seier Herren: Som gjetaren bergar to leggbein eller ein øyreflipp frå løvegapet, slik skal israelittane bergast, dei som sit i sofahjørne i Samaria og på divanar i Damaskus.

13. Høyr og ver vitne mot Jakobs hus! seier Herren Gud, allhærs Gud.

14. Ja, den dagen eg straffar Israel for syndene deira, lèt eg straffa råka altara i Betel. Altarhorna blir hogne av og fell til jorda.

15. Då knuser eg både vinterhus og sommarhus. Elfenbeinshus skal gå til grunne og store bygningar siga i røys, seier Herren.

»