Logo
🔍

Profeten Amos 3 N78NN

« Utveljing og ansvar

1. Høyr dette ordet som Herren har tala mot dykk, de Israels søner, mot heile den ætta som eg førte opp ¬frå Egyptarlandet:

Kallet tvingar

2. Berre dykk ville eg ¬kjennast ved mellom alle folk på jorda. Difor krev eg dykk ¬til rekneskap for alle syndene dykkar.

3. Går vel to i lag når dei ikkje har vorte samde ¬om det?

4. Brøler løva i skogen når ho ikkje har funne rov? Brummar ungløva i hola si når ho ikkje har fanga noko?

5. Fell ein fugl i ei snare på marka når ingen har sett ¬ei snare for han? Sprett ei felle opp frå marka utan at ho har fanga noko?

6. Gjallar vel hornet i ein by utan at folket skjelv av redsle? Eller hender det ei ulukke ¬i byen utan at Herren har gjort det?

7. For Herren Gud gjer ikkje noko utan at han har openberra ¬sitt råd for tenarane sine, profetane.

Domen over Samaria

8. Når løva brøler, kven må ikkje reddast då? Når Herren Gud har tala, kven må ikkje då ¬tala profetord?

9. Rop ut over borgene i Asjdod, over slotta i Egypt, og sei: Kom saman på Samaria-fjella! Sjå redsla og rådløysa i byen og den valdsferd som der rår!

10. Dei har ikkje vit ¬til å gjera det rette, lyder ordet frå Herren, dei dyngjer opp vald og ran ¬i sine slott.

11. Difor seier Herren Gud: Fiendar skal kringsetja landet, di sterke festning ¬skal rivast ned, og borgene skal plyndrast.

Straffa kjem over hus og heilagdom

12. Så seier Herren: Som når ein gjætar bergar ut or løvegapet to leggbein eller ein øyrelapp, så skal israelittane verta berga, dei som sit i sofakroken ¬i Samaria og på divanar i Damaskus.

13. Høyr og vitna mot Jakobs ætt! lyder ordet frå Herren Gud, ¬Allhærs Gud.

14. Den dagen eg krev Israel ¬til rekneskap for syndene deira, lèt eg straffa koma ¬over altara i Betel. Då vert altarhorna avhogne og fell til jorda.

15. Då knuser eg både vinterhus og sommarhus. Elfenbeinshusa vert ¬øydelagde, og mange bygningar sig i røys, lyder ordet frå Herren.

»