Profeten Amos 5 N11NN
1. Høyr dette ordet, Israels hus, ei likklage som eg stemmer i om dykk.
2. Ho er fallen, ho reiser seg aldri meir, jomfru Israel. Ho ligg forlaten på eiga jord, ingen reiser henne opp.
Søk Herren, så skal de leva3. For så seier Herren Gud: Den byen som dreg ut med tusen mann, får hundre att, og den som dreg ut med hundre, får ti att i Israels hus.
4. For så seier Herren til Israels hus: Søk meg, så skal de leva!
5. Søk ikkje til Betel, gå ikkje til Gilgal, far ikkje til Beer-Sjeba. For Gilgal skal drivast i eksil, og Betel skal bli til inkjes.
Dom over stormenn6. Søk Herren, så skal de leva! Elles kjem han som eld over Josefs hus, han øyder, og det er ingen i Betel til å sløkkja.
7. Dei gjer retten til malurt og kastar rettferda til jorda.
8. Han som skapte Sjustjerna og Orion, han som gjer dødsskugge om til morgon og dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut over jorda, Herren er namnet hans.
9. Han som lèt øyding lyna over borga; øyding kjem over festninga.
10. Dei hatar den som hevdar retten i porten, og avskyr den som talar sant.
11. De trakkar småkårsfolk ned og krev korn i avgift av dei. Difor: De har bygd hus av hoggen stein, men skal ikkje få bu i dei. De har planta herlege vinmarker, men får ikkje drikka vinen.
12. For eg kjenner til dykkar mange brot og dei tallause syndene dykkar, de som forfølgjer rettferdige, tek stikkpengar og driv fattige vekk frå porten.
Søk det gode13. Difor teier den kloke i denne tida, for det er ei vond tid.
14. Søk det gode og ikkje det vonde, så de får leva! Då skal Herren, allhærs Gud, vera med dykk, som de seier.
15. Hat det vonde og elsk det gode, hald retten høgt i porten! Så vil kanskje Herren, allhærs Gud, vera nådig mot resten av Josef.
16. Difor, så seier Herren, allhærs Gud, Herren: På alle torg skal det vera klage, i alle gater skal dei ropa: «Ve, ve!» Dei skal kalla på bonden til sorg og på folk som kan gråta, til klage.
Herrens dag17. På alle vinmarker blir det klage når eg går fram mellom dykk, seier Herren.
18. Ve dykk som lengtar etter Herrens dag! Kva vil de med Herrens dag? Han er mørker og ikkje lys.
19. Han er lik ein mann som rømmer frå løva og møter bjørnen. Og når han kjem heim og støttar handa til veggen, bit ormen han.
20. Ja, mørk er Herrens dag og ikkje lys, dyster og utan lysskin.
21. Eg foraktar, ja, hatar festane dykkar, høgtidssamlingane held eg ikkje ut.
22. For om de ber fram brennoffer eller grødeoffer, vil eg ikkje ha dei. Og fredsoffera dykkar med gjøkalvkjøt vil eg ikkje sjå.
23. Fri meg frå dei ståkande songane dine, eg vil ikkje høyra på harpespel!
24. Lat rett vella fram som vatn og rettferd lik bekker som alltid strøymer.
25. Bar de fram for meg slaktoffer og grødeoffer dei førti åra i ørkenen, Israels hus?
26. Og bar de på Sakkut, kongen dykkar, og Kevan, gudestjerna, bileta som de har laga?
27. Eg fører dykk i eksil bortanfor Damaskus, seier Herren. Allhærs Gud er namnet hans.