Logo
🔍

Profeten Amos 5 N78NN

« Klagesong over Israel

1. Høyr dette ordet, ¬Israels ætt, ein klagesong ¬som eg syng om deg!

2. Ho er fallen ¬og reiser seg aldri meir, Israel, den unge møy. Ho ligg der ¬bortslengd på si jord, og ingen reiser henne opp.

Søk Herren, så skal de leva!

3. For så seier Herren Gud: Den byen som sender ut ¬tusen mann, får berre hundre att, og den som sender ut ¬hundre mann, får berre ti att – i Israels ætt.

4. Så seier Herren til Israels ætt: Søk meg, så skal de leva!

5. Søk ikkje til Betel, kom ikkje til Gilgal, og far ikkje over til Be’er-Sjeba! For folket i Gilgal ¬skal førast bort, Betel skal verta ¬uhyggjeleg audt.

Dom over stormenn som gjer urett

6. Søk Herren, så skal de leva! Elles kjem han som eld ¬over Josefs ætt; elden øyder, og det er ingen i Betel ¬til å sløkkja.

7. Dei gjer retten om til malurt og kastar rettferda til jorda.

8. Han som skapte Sjustjerna ¬og Orion, han som gjer stummande ¬mørker til morgon og dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet ¬i havet og auser det ut over jorda – Herren er hans namn.

9. Han lèt undergang lyna ¬over borger, lèt festningar siga i røys.

10. Dei hatar menn ¬som hevdar retten på tinget, og styggjest ved dei ¬som talar sant.

11. De trakkar småkårsfolk ned og krev korn i avgift av dei. Difor skal de ikkje få bu i dei hus de har bygt ¬av tilhoggen stein, og ikkje få drikka vin frå dei herlege vingardar ¬de har planta.

12. For eg veit ¬at dykkar brot er mange og dykkar synder utan tal, de som forfylgjer ¬skuldlaust folk, lèt dykk kjøpa for pengar og driv fattigfolk bort ¬frå retten.

Legg vinn på det gode!

13. Difor teier den kloke ¬i denne tid; for ei vond tid er det.

14. Legg vinn på det gode ¬og ikkje det vonde, så de får leva! Då skal Herren, Allhærs Gud, vera med dykk, som de seier.

Sorg og klage

15. Hata det vonde ¬og elska det gode, hald retten høgt på tinget! Så vil kanskje Herren, ¬Allhærs Gud, vera nådig mot Josefs rest.

16. Difor seier Herren, Herren, Allhærs Gud: På alle torg skal lik-klage lyda, i alle gater skal dei ropa: «Ve!» Dei skal henta bonden ¬til syrgjehøgtid, senda bod på folk ¬som kan gråta og klaga.

Herrens dag

17. I alle vingardar skal dei jamra når eg skrid fram ¬imellom dykk, seier Herren.

18. Ve dykk som lengtar ¬etter Herrens dag! Kva vil de med Herrens dag? Han er mørker og ikkje ljos.

19. Det er som når ein mann rømer frå ei løve ¬og møter ein bjørn; og kjem han heim ¬og stør handa til veggen, vert han biten av ein orm.

20. Ja, mørk er Herrens dag ¬og ikkje ljos, kolmørk er han og utan ljoske.

21. Eg hatar og styggjest ¬ved festane dykkar, stemnene dykkar ¬byd meg imot.

22. For om de ber fram brennoffer ¬eller grødeoffer, så bryr eg meg ikkje om dei. Og dykkar måltidsoffer ¬med gjøkalvkjøt ser eg ikkje på.

23. Lat meg sleppa ¬dine ståkande songar, eg vil ikkje høyra ¬ditt harpespel!

24. Lat retten vella fram som vatn, og rettferd lik bekker ¬som aldri turkar.

25. Bar de fram for meg slaktoffer ¬og grødeoffer dei førti åra i øydemarka, ¬du Israels ætt?

26. Og bar de Sakkut, ¬kongen dykkar, og Kevan, ¬stjerna åt guden dykkar, bileta som de har laga?

27. Eg fører dykk i fangenskap til landet bortanfor Damaskus, seier Herren – Allhærs Gud ¬er hans namn.

»