Logo
🔍

Profeten Amos 7 N11NN

« Syn om Israels undergang

1. Dette viste Herren Gud meg: Sjå, han skapte grashopper då graset tok til å veksa etter slåtten. Sjå, det var etterveksten etter kongens slåttonn.

2. Då dei hadde ete opp alt graset i landet, sa eg: «Tilgjev, Herre Gud! Korleis kan Jakob stå seg, så liten som han er?»

3. Då angra Herren på dette. «Det skal ikkje skje», sa Herren.

4. Dette viste Herren Gud meg: Sjå, Herren Gud kalla elden til strid. Han slukte det store djupet og heldt på å eta opp åkrane.

5. Då sa eg: «Hald opp, Herre Gud! Korleis kan Jakob stå seg, så liten som han er?»

6. Då angra Herren på dette. «Heller ikkje det skal skje», sa Herren Gud.

7. Dette viste han meg: Sjå, Herren stod på ein loddrett mur, i handa hadde han eit blylodd.

8. Herren sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Eit blylodd.» Då sa Herren: «Sjå, eg senkar loddet midt i Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ha tol med det.

Amos blir bortvist frå Betel

9. Isaks offerhaugar skal øydast og Israels heilagdomar siga i røys. Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»

10. Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje tola alle orda hans.

11. For Amos seier: «Jeroboam skal døy for sverd, og Israel skal drivast i eksil, bort frå landet sitt.»

12. Sidan sa Amasja til Amos: Du sjåar, gå din veg, kom deg av stad til Juda! Der kan du eta ditt brød, der kan du profetera.

13. I Betel får du ikkje lenger profetera, for det er ein kongeleg heilagdom, eit rikstempel.

14. Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet og ikkje profetlæresvein. Eg held husdyr og dyrkar fiken.

15. Men Herren tok meg bort frå saueflokken, og Herren sa til meg: «Gå og tal profetord til Israel, folket mitt!»

16. Høyr no Herrens ord: Du seier: «Ikkje tal profetord mot Israel, ikkje spå mot Isaks hus!»

17. Difor seier Herren: «Kona di skal vera hore i byen, sønene og døtrene dine skal falla for sverd. Jorda di skal delast med målesnor, du sjølv skal døy på urein jord, og Israel skal drivast i eksil frå landet sitt.»

»