Logo
🔍

Profeten Amos 7 N78NN

« Syner om Israels undergang

1. Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå: Han skapte grashopper då håa tok til å veksa; det var håa etter kongens slått.

2. Då dei hadde ete opp alt graset ¬i landet, sa eg: «Tilgjev, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?»

3. Då endra Herren sitt forsett. «Det skal ikkje henda,» ¬sa Herren.

4. Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå: Herren Gud kalla elden til strid. Han slukte det store havdjupet og heldt på å eta opp landjorda.

5. Då sa eg: ¬«Hald opp, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?»

6. Då endra Herren sitt forsett. «Heller ikkje det skal henda,» ¬sa Herren Gud.

7. Dette synet lét han meg sjå: Herren stod på ein mur, og i handa hadde han ¬eit blylodd.

8. Og Herren sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Eit blylodd.» Då sa Herren: ¬«No senkar eg loddet midt i Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.

Amos vert bortvist frå Betel

9. Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar ¬siga i røys. Eg vil reisa meg med sverd ¬mot Jeroboams hus.»

10. Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel, med desse orda: «Amos har fått til ei samansverjing mot deg midt i Israel. Landet kan ikkje lenger halda ut alle dei orda han talar.

11. For Amos har sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og israelittane skal førast bort som fangar frå sitt land.»

12. Sidan sa Amasja til Amos: «Gå din veg, du sjåar, kom deg av stad til Juda! Der kan du ha ditt levebrød, der kan du vera profet.

13. I Betel får du ikkje lenger tala profetord; for det er ein kongeleg heilagdom, ja, eit rikstempel.»

14. Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet ¬og ikkje profetsvein. Eg er gjætar ¬og dyrkar morbærfiken.

15. Men Herren tok meg bort ¬frå saueflokken, og Herren sa til meg: «Gå og ver profet for Israel, ¬mitt folk!»

16. Så høyr no Herrens ord: Du seier: «Tal ikkje profetord ¬mot Israel, og preik ikkje mot Isaks ætt!»

17. Difor seier Herren: Kona di skal driva utukt i byen, dine søner og døtrer ¬skal falla for sverd, di jord skal mælast ut til andre, du sjølv skal døy ¬på urein grunn, og Israel skal førast bort ¬frå sitt land.

»