Logo
🔍

Profeten Amos 8 N11NN

« Enden er komen for Israel

1. Dette viste Herren Gud meg: Sjå, ei korg med mogen frukt.

2. Han sa: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Ei korg med mogen frukt.» Då sa Herren til meg: «Enden er komen for mitt folk Israel, eg vil ikkje lenger bera over med det.

Herrens dom over uærleg handel

3. Songarinnene på slottet skal jamra den dagen, seier Herren Gud. Lik i mengd ligg slengde overalt. Hysj!»

4. Høyr dette, de som trakkar fattige ned og gjer ende på dei hjelpelause i landet!

5. De seier: «Når er nymånefesten over, så vi kan selja korn, og sabbaten til ende, så vi kan opna kornsalet? Då gjer vi målet for lite og prisen for høg og fuskar med falske vekter.

6. Då kjøper vi småkårsfolk for pengar, ein fattig for eit par sandalar, og sel avfallskorn!»

7. Herren har svore ved Jakobs byrgskap: Aldri skal eg gløyma noko av det dei har gjort!

Ulukkedagen

8. Må ikkje jorda skjelva for slikt, så alle som bur der, sørgjer? Ja, må ho ikkje fløyma som Nilen, stiga og siga som elva i Egypt?

9. Den dagen, seier Herren Gud, lèt eg sola gå ned ved middagstid og gjer jorda mørk ved høglys dag.

Svolt etter Herrens ord

10. Festane gjer eg til sørgjehøgtider og alle songane til likklage, eg legg sekkestrie om alle hofter og lèt kvart hovud rakast snautt, som i sorg over einaste sonen. Enden blir ein bitter dag.

11. Sjå, dagar skal koma, seier Herren Gud, då eg sender svolt i landet, ikkje svolt etter brød og ikkje tørste etter vatn, men etter å høyra Herrens ord.

12. Dei skal flakka om frå hav til hav, streifa omkring frå nord til aust og leita etter Herrens ord, men dei skal ikkje finna det.

13. Den dagen skal fine møyar og unge menn siga om av tørste.

14. Dei som sver ved Samarias synd og seier: «Så sant din gud lever, Dan» og: «Så sant din veg lever, Beer-Sjeba», dei skal falla og aldri reisa seg meir.

»