Logo
🔍

Profeten Amos 9 N78NN

« Ingen skal sleppa Guds straff

1. Eg såg Herren stå ¬attmed altaret. Han sa: Slå til søylehovuda, så dørstokkane skjelv, og knus dei, så dei fell i hovudet på dei alle! Resten vil eg drepa med sverd. Ingen av dei skal kunna røma, ingen av dei skal sleppa unna.

2. Om dei bryt seg inn ¬i dødsriket, skal mi hand henta dei der, og fer dei opp til himmelen, skal eg støyta dei ned derifrå.

3. Om dei gøymer seg ¬på Karmels topp, skal eg leita dei opp ¬og henta dei ned, og løyner dei seg for meg ¬på havsens botn, skal eg by ormen bita dei.

4. Om fiendar fører dei ¬i fangenskap, skal eg by sverdet ¬drepa dei der. Eg vil retta augo mot dei til ulukke og ikkje til lukke.

5. Herren, Allhærs Gud, rører jorda så ho skjelv, og alle som bur der, syrgjer, ja, heile jorda stig som Nilen og sig som elva i Egypt.

Herren er Gud for alle folk

6. Han som har bygt ¬sin høgsal i himmelen og reist sin kvelv over jorda, han som kallar på vatnet ¬i havet og auser det ut over jorda – Herren er hans namn.

Straff og reinsing

7. Er de, israelittar, meir for meg ¬enn Nubias søner? lyder ordet frå Herren. Eg førte Israel opp frå Egypt, men også filistarane frå Kaftor og aramearane frå Kir.

8. Sjå, Herren Gud ¬har augo vende mot det syndige riket: No vil eg rydja folket ¬ut or landet. Men eg vil ikkje heilt gjera ende på Jakobs ætt, ¬seier Herren.

9. For sjå, eg gjev påbod, og så rister eg Israels ætt mellom alle folkeslaga, som når ein rister ¬korn i såld, og ikkje ein stein fell ¬til jorda.

Atterreising og sæle tider

10. For sverdet skal dei døy, alle syndarane i mitt folk, dei som seier: ¬«Ulukka når oss ikkje, ho kjem aldri over oss.»

11. Den dagen ¬reiser eg opp att Davids falne hytte. Eg murar att rivnene og reiser det som ligg ¬i røys; eg byggjer henne ¬som i gamle dagar.

12. Så kan dei ta resten ¬av Edom i eige og alle dei andre folkeslaga som er nemnde ¬med mitt namn, lyder ordet frå Herren, som fullfører dette.

13. Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren, då dei tek til å pløya ¬før skurden er slutt, og trakkar druer ¬til kornet skal såast. Druesafta skal drypa ¬frå fjell og fløyma i alle bakkar.

14. Då vender eg lagnaden ¬for Israel, mitt folk. Nedrivne byar ¬skal dei byggja og bu i; vingardar skal dei planta ¬og sjølve drikka vinen, hagar skal dei stella til ¬og sjølve eta frukta.

15. Eg plantar dei atter ¬i eiga jord; aldri meir skal dei ¬rykkjast opp or sitt land, som eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.