Kolosserbrevet 1 N78NN
1. Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel, og vår bror Timoteus,
Takk og forbøn2. helsar dei heilage i Kolossæ, dei truande brørne i Kristus. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far!
3. Vi takkar alltid Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, når vi bed for dykk.
4. For vi har høyrt om dykkar tru på Kristus Jesus og om den kjærleik de har til alle dei heilage,
5. ein kjærleik som kjem frå vona. Det de vonar på, ligg ferdig for dykk i himmelen. Men alt no har de fått høyra om det gjennom sanningsordet, evangeliet,
6. som er kome til dykk. For i heile verda ber evangeliet frukt og breier seg ut, og det har det gjort hjå dykk òg heilt frå den dagen de fekk høyra det og læra Guds sanne nåde å kjenna.
7. Det var dette de fekk læra av Epafras, den kjære medarbeidaren vår, som er ein trufast Kristi tenar i vår stad.
8. Han har òg fortalt oss om den kjærleiken Anden har gjeve dykk.
9. Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og alt det skjøn som Anden gjev.
10. Då kan de leva eit liv som er Herren verdig, og som i alt er til hugnad for han; og de skal bera frukt i all god gjerning og veksa i kjennskap til Gud.
11. De skal styrkjast og få kraft, av den kraft som han i sin herlegdom eig, så de alltid er uthaldande og tolmodige.
12. Og med glede skal de takka Faderen, som gjorde dykk dugande til å få del i den arven dei heilage får i ljoset.
13. For han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i sin kjære Sons rike.
Skaping og forsoning ved Kristus14. Og i han har vi utløysinga, forlating for syndene.
15. Han er bilete ¬av den usynlege Gud, den fyrstefødde ¬som står over alt det skapte.
16. For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, dei som tronar ¬og dei som styrer, både makter og herredøme – alt er skapt ved han og til han.
17. Han er før alle ting, og alle ting står ved lag ved han,
18. han er hovudet for lekamen, ¬som er kyrkja. Han er opphavet, den fyrstefødde av dei døde, så han i eitt og alt ¬skal vera den fremste.
19. For det var Guds vilje at heile hans fullnad ¬skulle bu i han,
20. og ved han ville Gud forsona ¬alle ting med seg, det som er i himmelen ¬og det som er på jorda, då han skapte fred ¬ved hans blod, på krossen.
21. De var òg ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke på grunn av dei vonde gjerningane dykkar.
22. Men no har han forsona dykk med seg sjølv, då Kristus leid døden i sin jordiske lekam. Heilage, lytelause og ulastande ville han stella dykk fram for seg,
Liding og teneste for kyrkjelydane23. så sant de vert ståande i trua, grunnfeste og trauste, og ikkje lèt dykk rikka frå den vona som evangeliet gjev. Og evangeliet har de høyrt, for det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.
24. No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno vantar i Kristi lidingar, utfyller eg på min eigen kropp; eg lid for hans lekam som er kyrkja.
25. Hennar tenar har eg vorte fordi Gud har sett meg til å gjera ein hushaldars gjerning hjå dykk: å fullføra tenesta med Guds ord,
26. den løyndomen som har vore duld i alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage.
27. Gud ville kunngjera for dei kor rik og herleg denne løyndomen er for folkeslaga: Kristus mellom dykk, von om herlegdom!
28. Han er det vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus.
29. For å nå dette målet arbeider og strider eg i hans kraft som verkar i meg med styrke.