Femte Mosebok 15 N78NN
1. Sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår.
2. Såleis skal du gå fram når du ettergjev gjeld: Kvar den som har noko til gode hjå ein landsmann, skal ettergje det. Han må ikkje krevja det att hjå frende eller landsmann, når det er utlyst ettergjeving frå Herren.
3. Utlendingen kan du krevja. Men det du har til gode hjå landsmannen din, skal du ettergje.
4. Med retten skulle det ikkje finnast fattige hjå deg; for Herren din Gud vil velsigna deg rikt i det landet han gjev deg til odel og eige,
5. så sant du lyder Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle desse bodorda som eg gjev deg i dag.
6. Når Herren din Gud velsignar deg, som han har lova, skal du låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna. Du skal rå over mange folk, men ingen skal rå over deg.
7. Når ein av landsmennene dine vert fattig i ein av byane i det landet Herren din Gud gjev deg, då skal du ikkje vera så hardhjarta at du lèt att handa for den fattige bror din.
8. Du skal opna handa for han og låna han det han vantar og treng.
9. Ta deg i vare, så ikkje den vonde tanken stig opp i deg: «No lid det til det sjuande året, ettergjevingsåret.» Sjå då ikkje med uvilje på den fattige bror din, men gjev han det han treng. Elles kjem han til å klaga deg for Herren, og du gjer deg skuldig i synd.
10. Gjev han viljug, og gjer det ikkje i tverrskap! Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer og tek deg føre.
Korleis ein skal stella med trælar11. Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: «Opna handa for bror din, for dei arme og fattige i landet ditt!»
12. Når ein av landsmennene dine, mann eller kvinne, av hebrearætt, vert seld til deg, skal han tena hjå deg i seks år, men i det sjuande året skal du gje han fri og la han fara sin veg.
13. Når du gjev han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt.
14. Lat han få rikeleg med seg av småfeet ditt og av det som kjem frå treskjevoll og vinpresse. Gjev han av det som Herren din Gud har velsigna deg med.
15. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og at Herren din Gud løyste deg ut. Difor gjev eg deg i dag dette påbodet.
16. Men seier trælen at han ikkje vil skiljast frå deg, fordi han har det godt hjå deg og held av deg og folket ditt,
17. skal du ta ein syl og stikka gjennom øyra hans, inn i døra, og så skal han tena deg all si tid. Det same skal du gjera med trælkvinna di.
Fyrstefødde dyr høyrer Herren til18. Ta det ikkje tungt om du må gje han fri og la han fara. Han har arbeidt for deg i seks år, og det han har gjort, er dobbelt så mykje verdt som det ein leigekar får. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer.
19. Alle fyrstefødde hanndyr av storfe og småfe skal du vigsla til Herren din Gud. Fyrstefødde oksar skal du ikkje bruka til arbeid, og fyrstefødde sauer må du ikkje klyppa.
20. Kvart år skal du og huslyden din eta dei for Herrens åsyn, på den staden Herren vel seg ut.
21. Men har dei lyte, anten dei er halte eller blinde eller har nokon annan stygg feil, skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud.
22. Heime i byane dine kan du eta dei. Både ureine og reine kan eta dei, som når ein et gasell og hjort.
23. Men blodet må du ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!