Femte Mosebok 30 N11NN
1. Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til deg i hjartet ditt ute blant alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til,
2. og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og lyder hans røyst i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine,
3. då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Herren din Gud vil på nytt samla deg frå alle dei folka han har spreidd deg ut iblant.
4. Om du så er driven bort til enden av himmelen, skal Herren din Gud samla deg derifrå, og derifrå skal han henta deg.
5. Herren din Gud vil føra deg til det landet fedrane dine tok, og du skal ta det på nytt. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå meir talrik enn fedrane dine.
6. Herren din Gud skal omskjera hjartet ditt og hjartet til etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel, slik at du skal få leva.
7. Herren din Gud vil leggja alle desse forbanningane på fiendane dine og på dei som hatar og forfølgjer deg.
8. Då skal du venda om og lyda Herrens røyst og halda alle boda hans som eg gjev deg i dag.
9. Gjennom alt du gjer, skal Herren din Gud gje deg rikeleg av alt det som godt er, gjennom frukta av ditt morsliv og frukta av din buskap og frukta av ditt åkerland. For Herren vil atter gleda seg over deg til beste for deg, slik som han gledde seg over fedrane dine,
10. så sant du lyder Herren din Gud og held boda og forskriftene hans som er skrivne i denne lovboka, og så sant du vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarte og heile din hug.
11. Desse boda som eg gjev deg i dag, er verken uforståelege eller langt borte.
12. Dei er ikkje i himmelen, så du må seia: «Kven vil fara opp til himmelen for oss og henta dei ned, så vi kan få høyra dei og leva etter dei?»
13. Dei er heller ikkje på andre sida av havet, så du må seia: «Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?»
Valet mellom liv og død14. Nei, ordet er deg heilt nær, i munnen din og i hjartet ditt, så du kan leva etter det.
15. Sjå, i dag har eg lagt fram for deg livet og det gode og døden og det vonde.
16. Gjer du som eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud og går på hans vegar og held hans bod, forskrifter og dommar, då skal du leva og bli talrik. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du går inn i og legg under deg.
17. Men om hjartet ditt vender seg bort og du ikkje lyder, men lèt deg riva med og tilbed andre gudar og dyrkar dei,
18. då kunngjer eg dykk i dag at de skal gå fullstendig til grunne. De skal ikkje få leva lenge i det landet som du no går over Jordan for å ta.
19. Himmel og jord tek eg i dag til vitne mot dykk. Eg har lagt fram for deg liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så du og etterkomarane dine kan få leva.
20. Du skal elska Herren din Gud, lyda hans røyst og halda fast ved han! Då skal du få leva og bu lenge i det landet Herren med eid lova å gje fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.