Logo
🔍

Femte Mosebok 32 N78NN

«

1. Lyd etter, himmel, ¬eg vil tala, høyr orda frå min munn, ¬du jord!

2. Lat læra mi risla som regn, talen min drypa som dogg, som regnskurer på grøne graset, som regndropar ¬over det som gror.

3. Herrens namn vil eg forkynna, og de skal gje vår Gud ære.

4. Han er Berget, fullkome er hans verk, rettferdige er alle hans vegar. Ein trufast Gud, utan svik, rettferdig og rettvis er han.

5. Dei som ikkje er hans born, sveik honom med si vonde ferd, ei svikefull og rangsnudd ætt.

6. Er det så de løner Herren, du fåvise og uvituge folk? Er ikkje han din far og skapar, han som skapte deg ¬og rusta deg ut?

7. Kom framfarne dagar i hug, gjev akt på åra frå ætt til ætt! Spør far din, han fortel deg, dei gamle, dei gjev deg svar.

8. Då Den Høgste ¬gav folkeslaga land og skilde menneska ¬frå kvarandre, sette han grenser mellom folka etter talet på Israels søner.

9. Herrens del vart hans eige folk, Jakob vart hans arvelut.

10. Herren fann han i øydemarka, i tome audna med ulande lydar. Han verna han og sytte for han og vakta han ¬som sin augnestein.

11. Som ei ørn sviv ¬over ungane sine når ho lèt dei flyga frå reiret, så breidde han ut ¬sine vengefjører, tok og bar han på sine venger.

12. Einast Herren førte han, ingen framand gud ¬var med han.

13. Han lét han fara ¬over høgdene i landet og eta av grøda på marka. Han lét han suga honning ¬or berget og olje or harde fjellet.

14. Han gav han rjome ¬frå buskapen, mjølk av småfe og feitt av lam, av Basan-verar og bukkar, og den feitaste mergen ¬av kveiten. Drueblod drakk du, ¬skummande vin.

15. Jesjurun vart feit ¬og spente bakut; du vart feit og tjukk og stinn. Han vraka Gud ¬som hadde skapt han, og viste vanvørdnad ¬for sitt frelsande berg.

16. Dei eggja han ¬med framande gudar og harma han med styggedom.

17. Dei ofra til ånder ¬som ikkje er gudar, til guddomar dei ikkje kjende, nye og nyst oppkomne, gudar som fedrane ¬ikkje visste om.

18. Berget, ditt opphav, ¬ansa du ikkje, du gløymde Gud ¬som fødde deg.

19. Då Herren såg det, ¬støytte han dei bort, for hans søner og døtrer ¬hadde krenkt han.

20. Han sa: ¬Eg vil løyna mitt åsyn for dei og sjå korleis det går dei til sist; for dei er ei rangsnudd ætt, born som ein aldri kan lita på.

21. Dei eggja meg ¬med sine avgudar, med gagnlause gudar ¬harma dei meg. Så vil eg eggja dei med eit ufolk, krenkja dei med eit uvitug folk.

22. For i min vreide ¬har eg kveikt ein eld, han brenn til djupaste dødsriket. Han øyder jorda ¬og hennar grøde og set grunnvollen ¬under fjella i brann.

23. Eg hopar opp ulukker over dei og brukar alle mine piler ¬mot dei.

24. Kraftlause vert dei av svolt, dei tærest av pest og farleg sott. Så sender eg mot dei ¬villdyrtenner og eiter av ormar ¬som kryp på jorda.

25. Sverdet skal herja på gata, redsle inne i kammera. Gutar og jenter vert rivne bort, spedbarn og gråhåra mann.

26. Eg tenkte eg skulle knusa dei, rydja ut deira minne ¬mellom folk.

27. Men eg ottast at fiendane ¬skulle krenkja meg, at deira motstandarar ¬ville mistyda det og seia: «Det er vår hand som er sterk; det var ikkje Herren ¬som gjorde dette.»

28. Dei er eit folk ¬utan råd som duger, og dei har inkje skjøn.

29. Var dei vise, fekk dei tak i dette, då visste dei kvar det bar av.

30. Korleis kan ein mann ¬forfylgja tusen og to slå ti tusen på flòg, om ikkje deira berg har selt dei, om ikkje Herren ¬har gjeve dei opp?

31. For deira berg er ikkje som vårt, det kan våre fiendar døma om.

32. Deira vintre er runne ¬av Sodomas vintre, det kjem ¬frå Gomorras vingardar. Druene deira er giftige bær og drueklasane beiske.

33. Vinen deira er ormegift, grufullt ormeeiter.

34. Alt dette er gøymt hjå meg, forsegla i mitt forrådskammer

35. til dagen som kjem ¬med hemn og attergjeld, den tid då foten deira vert ustø. Ja, deira ulukkedag er nær; snart kjem det som ventar dei.

36. Men Herren vil syta for at hans folk får sin rett, og ha medkjensle ¬med sine tenarar; for han ser ¬at deira makt er borte, det er ute både med træl og fri.

37. Så spør han: Kvar er no deira gudar, berget dei leit på,

38. som åt feittet av deira slaktoffer og drakk vinen ¬dei ofra som drikkoffer? Lat dei reisa seg og hjelpa dykk, lat dei gje dykk livd og vern!

39. Sjå no, berre eg er Gud, det finst ingen annan gud ¬enn eg. Eg tek liv, og eg gjev liv, eg sårar, og eg lækjer; og ingen kan berga or mi hand.

40. Eg lyfter mi hand ¬mot himmelen og seier: Så sant eg lever evig,

41. når eg kvesser ¬mitt lynande sverd og retter ut mi hand til doms, då tek eg hemn ¬over mine fiendar, gjev mine motstandarar ¬det dei fortener.

42. Eg gjer mine piler ¬drukne av blod, blodet av falne og fangar, og lèt mitt sverd eta kjøt, hovud av fiendens hovdingar.

43. Pris hans folk, de folkeslag, for han hemner ¬blodet åt sine tenarar. Han tek hemn over sine fiendar og gjer soning ¬for sitt land og folk.

44. Moses kom og bar fram heile dette kvadet, han og Josva Nunsson, medan folket høyrde på.

45. Og då Moses var ferdig med å bera fram alle desse orda for heile Israel,

46. sa han: «Legg dykk no på hjarta alle desse orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og sei frå til borna dykkar at dei skal halda alle boda i denne lova og leva etter dei.

Herren talar med Moses om hans død

47. For dette er ikkje tome ord, men sjølve livet for dykk. Held de dei, skal de få leva lenge i det landet de tek i eige når de går over Jordan.»

48. Same dagen tala Herren til Moses og sa:

49. «Stig opp på Abarim-fjellet, på Nebo-tinden, som ligg i Moab, midt for Jeriko, så skal du få sjå Kanaan, det landet som eg gjev israelittane til eige.

50. Og der oppå fjellet skal du døy og fara til folket ditt, liksom Aron, bror din, døydde på Hor-fjellet og fór til folket sitt.

51. Så skal det gå fordi de var trulause mot meg mellom israelittane ved Meriba-kjelda i Kadesj i Sin-øydemarka og ikkje helga meg mellom dei.

52. Du skal få sjå landet framføre deg, men du skal ikkje koma inn i det landet som eg gjev israelittane.»

»